Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Velkomen til Innvik

Denne heimesida blir administrert av Innvik Bygdeutvikling. Sida er i eit portal-samarbeid med Utvik. Heimesida for Utvik blir administrert av Utvik Vel og Utviklingslag. Vikanenett-sida skal vere felles og hente informasjon og nyhende frå Innvik og Utvik. På desse sidene skal ein kunne finne informasjon om kva som skjer i Vikane både for folk som bur her og folk som ønsker seg hit. Gi oss gjerne ein tilbakemelding på Kontakt oss.

UKM Stryn og Hornindal

Tysdag 07.feb 10:51

Ann-Elen Paulen Drageset kom vidare til fylkesfinalen i UKM. Les meir

Stor takk til frivillige

Tysdag 07.feb 09:25

Om lag 40 innbodne gjester benka seg rundt borda på Vikane omsorgssenter sist onsdag kveld. Les meir

Innvikja nr.48 - ut 9/2

Måndag 06.feb 00:28

Innvikja nr.48 kjem ut torsdag 9. februar, send inn stoff innan tysdag 7. februar (kl.20). Les meir

Legekontoret i Innvik

Søndag 05.feb 22:50

Frå 13. febr. 2012 er legekontoret ope for publikum:
Tysdag og torsdag Les meir

Ledig stilling som vaktmeister

Søndag 05.feb 20:53

Det er ledig 50% stilling som vaktmeister i Vikane frå 02.04.2012. Stillinga inngår i vaktmeisterteamet i Vikane på 1½ stilling og har eit spesielt ansvar for skule og barnehagar i området. Les meir

Vikane Blandakor

Onsdag 01.feb 22:17

Vikane Blandakor starter opp
mandag den 6. feb kl 19:45-22 Innvik Skule.
Nye medlemmer er hjerteleg velkomne Les meir

Avlysning av skiaktivitet søndag 5.februar.

Onsdag 01.feb 09:29

P.g.a lite og hard snø på Larsbøen i Innvik går den planlagde skiaktiviteten ut. Vi vil prøve å få til eit arrangement seinare om det kjem meir snø. Det blir då trening til vanleg tid torsdag 2.februar i Hallen. Les meir

Hjelp til Heimlund

Torsdag 26.jan 11:25

Bygdekvinnelaget lagar til grautabasar i Heimlund 4.mars kl 15.00 til inntekt for Heimlund.
Håpar folk kan sette av denne ettermiddagen og vere med å støtte Heimlund.
Vi er takksame om nokon vil støtte oss med gevinstar! Les meir

Barneidrettskulen

Onsdag 18.jan 10:37

VIL
Her er plan for barneidrettskulen våren 2012. Les meir

Idrettsklubben

Onsdag 18.jan 09:48

Vikane I.L. har starta eit tilbod til aldergruppa 7 kl- 2 vgs. Formålet med klubben er at ungdommane i Vikane skal ha eit rusfritt tilbod på fredagskveldane. Les meir

Redningsaksjon for 100 år gamle Heimlund

Laurdag 14.jan 14:14

Harald Røyrvik og Olav Ø. Skåden oppfordrar alle innvikarar til å engasjere seg for å berge det 100 år gamle ungdomshuset Heimlund. Les meir

Farleg rydding i rasert skog

Fredag 13.jan 14:00

Dagmar felte vel 200 kbm tømmer på ei lita økt her i fylket i romjula, og vel ein tredjedel er skog i Stryn kommune. Les meir

Rekordår for Innvik kraftverk

Måndag 09.jan 21:21

Innvik kraftverk AS produserte i fjor 56,1 GWh. Det tilsvarar straumforbruket til 2.800 husstandar. Les meir

Legekontoret i Innvik

Søndag 08.jan 22:10

Ny fastlege; Harmanpreet Singh tek til i arbeid 9. januar med
2 kurative dagar pr. veke i Innvik og 2 i Stryn. Les meir

Kurs i sikker opprydding i stormskada skog

Søndag 08.jan 21:58

Opprydding og lauskapping av stormfelte tre/rotvelter er ekstremt farleg. Det er store spenningar i trea, og det er vanskeleg å avgjere kva veg dei kan slå laus. Les meir

Sirkeltrening

Laurdag 07.jan 13:49

VILFornøgd med skrotten?
Ikkje Les meir

Kongens fortenestemedalje

Måndag 09.jan 21:11

Innvik Sellgren personleg, Arve Reidar Haugen, vart tildelt Kongens fortenestemedalje fredag kveld. Les meir

Heimlund

Tysdag 10.jan 20:26

Kva skal skje med Heimlund?

Folkemøte om Heimlund tysdag 17. januar kl 20.00 i Heimlund.
Les meir

Beklager

Torsdag 05.jan 18:14

Styret i Vagstad vil beklage bensinstasjonen si tilstand dei siste 8 månadane. I går, 4.januar, er endeleg arbeidet med å skifte pumpeutstyr i gong og vi får ei moderne pumpe som kun kan betjenast med kort. Les meir

Aksjer i Vagstad AS

Torsdag 05.jan 06:34

Ein større utanbygds aksjonær ynskjer å selge aksjane sine i Vagstad AS. Prisen er fastsett til kr 1.000 pr aksje. Les meir

Innvik Fjordhotell Misjonsheimen

Onsdag 04.jan 18:01

Innvik fjordhotell Misjonsheimen har også i år vinterstengt. Les meir

Takk Stryn Energi

Tysdag 03.jan 22:27

Ekstremvéret Dagmar bles over Vikane 1. juledag og la tre over vegar, linjer og hus. Sjøen piska langt opp på land og både straum og telefoni forsvant. Les meir

Pupulær badeplass rasert

Tysdag 03.jan 21:34

Badeplassen nedanfor Innvik Fjordhotell Misjonsheimen vart øydelagd av naturkreftene som herja 1. juledag. Les meir

Godt nytt år

Søndag 01.jan 01:36

Nyttår 2012 © Harald Røyrvik Les meir

Julehelsing

Laurdag 24.des 11:22

Julehilsen © Kjell Mortveit Les meir

Prestisjeoppdrag til Innvik Sellgren

Fredag 23.des 12:32

Med møbelstoff til eit kinesisk flyselskap har Innvik Sellgren opna dørene inn til ein ny, spennande marknad. Les meir

Opningstider i jula

Onsdag 21.des 23:26

2. juledag blir det Julequiz på Cafe Go’beten kl.21. Sjå også dei andre jule-opningstidene på kafeen og butikken i Innvik ved å trykke .. Les meir

Julegate på omsorgsenteret

Måndag 19.des 10:47

Elevar på Innvik skule og dei eldre på Vikane Omsorgsenter har eit nært samarbeid. Onsdag var det livleg aktivitet med juleverkstad og opning av julegata i den provisoriske korridoren på senteret. Les meir

- Livsfarleg

Måndag 12.des 09:57

Leiaren i Innvik Bygdeutvikling karakteriserer vegkrysset i Innvik sentrum som livsfarleg.
- At der ikkje skjer fleire alvorlege ulukker, er bortimot eit mirakel, seier Lars Åge Hilde til Fjordingen. Les meir

Cafe Go`beten

Fredag 09.des 13:38

Påmeldingsfrist til julebordet (17/12) på Cafe Go`beten er i dag 9/12. Les meir

Liatunet

Fredag 09.des 10:23

Stiftinga Liatunet søkjer om 40.000 kroner i såkalla SMIL-middel
(spesielle miljøtiltak i landbruket) til restaurering/ombygging av ein
bakaromn. Les meir

Splitter nye heimeside

Måndag 05.des 22:12

Sjekk ut Skogstad Sport AS si splitter nye heimeside som vart lansert 1. desember på www.skogstadsport.no. Les meir

Bjørnejakt i Innvik

Søndag 04.des 20:52

Mot slutten av sætratida på Hildastøyla fekk eg ein dag i tørrhøytøkja
høyrte jete der var sett 2 bjønna (bamsar) i fjellet bak Storelågja. Les meir

Vikane-kalendar

Tysdag 29.nov 21:00

Bygdeutviklingslaga held fram salet av ein 2012-kalendar med bilder frå Vikanenett (bildegalleriet). Les meir

Miljøkriminalitet

Måndag 28.nov 21:34

Skråninga ned mot sjøen, frå "Singersteinen" på Hildaneset ser ut som ei søppelfylling, og saka vil bli etterforska for å finne kven som står for ureininga. Les meir

Vikane Skulemusikk

Måndag 28.nov 13:37

- Vil takke alle som støtta Vikane skulemusikk på kakelotteriet til farsdagen i Innvik, og basaren i Utvik 1. søndag i advent. Les meir

Info frå Café Go'Beten

Måndag 28.nov 13:14

Café Go'Beten vil i midten av desember tilby julelunch og julebord.
Meld deg på! Les meir

Kommunen utan driftsansvar i Styrkhallen

Søndag 27.nov 12:28

Etter at Vikane Idrettslag og Styrkhallen gjekk saman om felles styre og økonomi, har ikkje Stryn kommune lenger noko driftsansvar for hallen. Les meir

- Best og billegast

Måndag 28.nov 21:44

Bedriftseigar Anton Skogstad jublar over tilrådinga om E39-fjordkryssing mellom Svarstad og Frøholm. Les meir

God marknadsstemning

Torsdag 24.nov 06:55

Litt mindre folk enn dei siste åra, men to fine dagar med god stemning på Utkantmarknaden i Innvik. Les meir

Blomehelsing

Søndag 20.nov 23:25

På vegne av styret i Innvik Bygdeutvikling overrekte Inger Hoff ei blomehelsing til leiar Anne Karin Eriksen i styret for Innvik Gamle Uldvarefabrikk laurdag ettermiddag i Styrkhallen. Les meir

Innvikja nr.47

Søndag 20.nov 12:50

Innvikja nr.47 kom ut fredag (18/11), og er no tilgjengelig elektronisk her. Les meir

Trafikken gjennom Innvik

Fredag 18.nov 18:14

Vi må sørge for at Stryn kommune gjer ein større innsats inn mot Vegvesenet for å sikre ei tryggare trafikkavvikling gjennom Innvik. Samanhengande gang-og sykkelveg frå Hildastranda II til Hamnen er ei hastesak og eit heilt naturleg krav. Likeeins skikkelege fotgjengarovergongar og busshaldeplassar. Les meir

Ledige stillingar som hjelpepleiar

Torsdag 17.nov 18:51

Ved Vikane omsorgssenter er det ledig 2 faste stillingar som hjelpepleiar Les meir

Utkantmarknad

Onsdag 16.nov 13:45

Til helga er det igjen klart for den tradisjonerike Utkantmarknaden i Innvik. Les meir

Ledig stilling som sjukepleiar

Torsdag 17.nov 18:49

Ved Vikane omsorgssenter er det ledig 100% vikariat som sjukepleiar frå 23.12.2011- 31.12.2012. Les meir

Byggjer om i Innvik

Måndag 14.nov 21:17

Ombygginga ved alders- og sjukeheimen i Innvik skal stå ferdig i slutten av februar. Ni rom frå sekstitalet blir til seks rom etter dei krav som vert stilte i dag. Les meir

Vikane-kalendar

Måndag 14.nov 18:28

Nytt av året har Innvik Bygdeutvikling sett seg føre å selge ein 2012-kalendar på Utkantmarknaden. Les meir

Innvikja nr.47 - ut 18/11

Søndag 13.nov 17:35

Innvikja nr.47 kjem ut fredag 18. november, send inn stoff innan tysdag 15. november. Les meir

Konsert i Innvik kyrkje

Onsdag 16.nov 09:18

Velkome til FLOTT konsert i Innvik kyrkje laurdag kl.18. Les meir

Stor TAKK

Måndag 07.nov 21:42

- til alle som gav gevinstar og alle som kjøpte lodd på soknerådsbasaren søndag. Les meir

Innendørsskyting

Søndag 06.nov 22:06

Utvik og Innvik Skytterlag starter innendørsskytinga søndag den
13. november på bana i Innvik skule. Les meir

68-åring omkom i hyttebrann

Fredag 04.nov 17:26

Lensmannen i Stryn har frigitt namnet på den omkomne etter dødsbrannen på måndag. Les meir

Brukar rundballar som reklame

Torsdag 03.nov 13:06

Med spreke stunts håpar arrangørane av Qfilmarrangørane å freiste folk til å kome til festivalen. Denne veka har dei reklamert på rundballar. Les meir

Dødsbrann i hytte

Måndag 31.okt 18:43

Ein person funnen død etter hyttebrann. Les meir

Brann i Innvik

Måndag 31.okt 18:40

Brann Hildastranda © Harald Røyrvik

Huset sto i full fyr da brannvesen fekk meldinga klokka 14.30.
Huset er normalt ubebudd, men det er uklart om eigaren var heime
da brannen oppsto. Les meir

Nymodna markjordbær

Søndag 30.okt 20:43

Fann markjordbær i Hildastranda i dag, 30. oktober. Les meir

Vil ikkje ha frosenmat

Laurdag 29.okt 13:25

Områdeleiar Oddhild Hilde og kjøkkensjef Egil Westvik er skeptiske til konsulentrapporten som tilrår at eit produksjonskjøkken ved Stryn omsorgssenter skal overta middagsleveransen til Vikane omsorgssenter etter "kok-frys" prinsippet. Les meir

Innvik fjordhotell

Torsdag 27.okt 14:17

Innvik fjordhotell Misjonsheimen er starta arbeidet med å bli miljøsertifisert. Les meir

Innvik vassverk

Måndag 24.okt 22:50

Onsdag 26.10 spylar vi ledningsnettet frå ca. kl. 10.00 og ut dagen. Les meir

Stiftinga Innvik Næringsutvikling

Søndag 23.okt 23:27

Fylkesutvalet hadde ikkje merknader til namneendring for stiftinga Langvin. Les meir

Heimlund

Fredag 21.okt 21:09



Veit du at Heimlund fyller 100 år til våren? Indvigens Ynglingeforening
(skipa 1882) var forløparen til Innvik Ungdomslag som vart skipa i
1897. Ungdomslaget hadde stor aktivitet og stod mellom anna bak
skipinga av idrettslaget Styrk og seinare også Innvik Hornmusikk.
Heimlund vart bygd stort sett på dugnad og huset stod ferdig i 1912.
18 år seinare vart det bygt ut, det var då dei flotte måleria som fortsatt
pregar storsalen vart skapte av rosemålaren Ragnvald Einbu frå Lesja. Les meir

Cafe Go'beten

Onsdag 19.okt 10:51

Trude Presthus er tilsett ved Cafe Go'beten og vil etter kvart ta over den daglege drifta av kafèen. Les meir

Innvik sokneråd

Onsdag 19.okt 09:43

Informasjon frå Innvik sokneråd, her gjengitt frå Innvikja nr.46. Les meir

Benkar i bygda

Onsdag 19.okt 12:20

Innvik Bygdeutvikling skal plassere ut benkar – 12 stk er planen – rundt i bygda. Les meir