Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Gamle Innvik Ullvarefabrikk

Dette er ei midlertidig side for Gamle Innvik Ullvarefabrikk.

Innvik Ullvarefabrikk

Wald P. Skaaden og Andreas R. Svarstad stod bak skipinga av Indvikens Uldspinderi. Den fyrste bygningen stod ferdig i 1890. Han har seinare vorte utvida fleire gonger og skal vera den største fabrikkbygningen av tre i Norden og mellom dei største i Europa. I 1993 tok stiftinga "Gamle Innvik Ullvarefabrikk" over den gamle fabrikkbygningen.

Sidan 1991 har det vore drive restaureringsarbeid. Heile 1400 glasruter er skifta og taket er reparert. Stiftinga Gamle Innvik Ullvarefabrikk står bak restaureringa og dei kan tilby omvising i bygningen. Her står framleis mange av maskinene som vart brukte fram til 1971. Dei kan òg syna fram mange av dei produkta som har vorte framstilte i den tida det vart drive produksjon her.

Meir historisk informasjon kan ein lese ved å gå til:
Sogn og Fjordane Fylkeskommune, Fylkesarkivet

Kulturminneåret 2009 vart sett i gong i Innvik Ullvarefabrikk.
Sogn og Fjordane Fylkeskommune skreiv følgande på sine nettsider:
Tidenes kulturfest i Sogn og Fjordane
Atle Reme har delt desse bildene frå markeringa med Vikanenett:
Opning av kulturminneåret på Gamle Innvik Ullvarefabrikk

Feiring av 120-årsjubileet for ullvarefabrikken.
Opna feiringa med Bleken kunst i Galleri Plysen.
Sunnmørspostens (smp.no) har laga følgjande artikkel:
Bleken i Innvik