Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Innvik Fruktlager

Kontakt oss                       Kart                       Nyhende

Innvik Fruktlager - Bygningane utvendig

INNVIK FRUKTLAGER SA

P/L Innvik Fruktlager er eit selskap som vart etablert i Innvik i 1952. Dei bygde Innvik Fruktlager som vart drive som sjølvstendig selskap til midt på 70-talet.

Gartnarhallen overtok Fruktlageret og dreiv det vidare som Fruktlager og distribusjonslager fram til 1990.
Frå 1990 til 1997 dreiv Gartnarhallen lageret som eit reint Fruktlager.



Produsentane fekk tilbod om å overta og drive lageret vidare hausten 1997.
Laget Innvik fruktlager vart skipa att 30/3 1998 og overtok drifta umiddelbart.

Innvik Fruktlager er eit medlemseigd selskap, som driv med pakking og omsetning av grønnsaker, frukt og bær produsert i nærliggande kommunar.
Vi omset driftsmidlar til jord- og hagebruket.



I tillegg driv vi ei Felleskjøp-avdeling i Utvik. Vi held til i kjellaren på Sjøatunet i Utvik. Avdelinga vert drifta av Innvik Fruktlager der vi har ei samarbeidsavtale med Felleskjøpet.
Målet er å halde eit vareutvalg med varer du normalt finn i FK butikker, men tilpassa behovet i Vikane. Dette gjeld vanlege jordbruksvarer, men også vareutvalg til hager, hobby og privat hushald etter konseptet til Felleskjøpet.
Ta gjerne kontakt pr.tlf og vi kan setje ut varer om ein ikkje når oss i opningstidene.

Omsetninga til laget har gått jamnt og trutt oppover. I 2009 omsette vi for 27,3 mill.



Litt om lokal produksjon:
Grønnsaksproduksjonen har seinare år vore litt nedgåande, I 2009 produserte vi vel 100 000 kg/stk. Produksjonskvoten for 2009 var på 120 000 kg/stk.
Jordbær har vore ein stabil produksjon på rundt 35 tonn årleg.
Bringebærproduksjonen har vore sterkt aukande, berre siste år auka produksjonen med 100 tonn til 354 tonn..
Plomeproduksjonen i området her er stigande, og nye sortar og ny salgsembalasje gjer plomeproduksjonen svært interessant.
Produksjonen i 2009 var på ca 35 tonn. Produksjonsmål for 2010 er på nærmare 80 tonn stigande til 180 tonn i 2014.
Produksjon av epler og pærer har vore stabil dei siste åra mellom 250 og 300 tonn.

Bedrifta har i dag 4 fast tilsette som utfører ca 3 årsverk.
I tillegg ein del sesongarbeidarar som utfører ca 2 årsverk