Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

Presentasjon ny tannlege Vikane Tannklinikk

Presentasjon ny tannlege Vikane Tannklinikk + resten av familien

Av Per Heggdal

For fire månader sidan kom det eit par flyttande frå Litauen til Innvik – Ieva Raliene og Edmundas Ralys, begge så vidt passert 30 år.


Ho skulle starte som tannlege ved Vikane Tannlegekontor, han med ynskje om å få seg ein jobb innan data/IT.

Ieva har utdannelse frå Litauen, der ho i tillegg til vanleg tannlegeeksamen også har eksamen som spesialist i oral protetikk. Ho har 8 år praksis som tannlege etter eksamen. Ho har også undervist i oral protetikk ved tannlegestudiet ved Kaunas Universitet. I tillegg har ho forska og skrive artikler som har vore publisert i tidsskrifter for tannlegemedisin. I den seinere tid har ho konsentrert seg om tannlegepraksis, og det nye som skjer der både når det gjeld utstyr og behandlingsmåter.

Ho er medlem av både Den norske tannlegeforening og Lithuanian Dental Chamber.

Edmundas er utdanna IT-spesialist (hans fagfelt innan IT er så lang). Hans forrige arbeid var som sjefsspesialist i informasjonsteknologi ved den litauiske sikkerhetskommisjon. Han er nå tilsett i ny IKT stilling i Stryn kommune.

Begge vart fasinert av Norge , da dei for 4 år sidan kom hit for første gang. No er ynsket at dei kan bu i Innvik for godt. Pasientene som kjem til tannlegekontoret er hyggelege og imøtekomande, og prøver å snakke engelsk slik at kommunikasjonen kan bli lettere. Men Ieva og Edmundas arbeider hardt med å lære seg norsk , og har ambisjoner om å kunne beherske språket. Dei føler begge at dei har fått ein varm og hyggeleg velkomst.

Dei leiger hus med hage her i Innvik, det passer bra , for deira sin fritidsinteresser er, i tillegg til å reise, fotografere, fiske, også hagearbeid. Vi må heller ikkje gløyme vesle Mika som er med på bildet.


(Sist oppdatert 24.mars 2010, 21:01)

Gå til nyhendearkiv