Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

Info frå Innvik Sokneråd

Informasjon frå soknerådet

Av Ragnhild Vambeset



Ikkje konsert langfredag, ulyd i orgelet, reparere teppet, dugnad og gjevartjenesta.


• Det vert diverre ikkje langfredagskonsert i år. Vi begynte nok altfor seint å arbeide med det.
   Vi planlegg å få til konsert neste år.

• På sist gudsteneste var det igjen ulyd i orgelet. Heldigvis kan organisten spele piano! Orgelet skal
   reparerast før påske. Soknerådet tykkjer at ulydane kjem litt for ofte no, og har difor vedteke å begynne å
   arbeide for å få elektronisk orgel. Det kostar om lag 300 000, så det vert nok nokre år før det let seg
   realisere.

• Soknerådet undersøkjer no om det let seg gjere å få teppet reparert og reinsa lokalt.

• Møt fram på dugnad 17. april og ver med på å gjere det pent og ryddig i og rundt kyrkja vår!
   Inne: vaske, pusse sølv og messing m.m.
   Ute: rydde, rake, reinske ugras, fylle jord langs murkanten så ein kan begynne å plante hekk
   Ta gjerne med rive, trillebåre og anna utstyr så får ein gjort arbeidet raskare.
   Dugnad er sosialt – kaffi/saft og kaker vert å få.

• Vi minner igjen om Gjevartenesta i Innvik sokneråd, konto nr 3705 15 81173

For Innvik sokneråd
Ragnhild Vambeset


(Sist oppdatert 27.mars 2010, 18:15)

Gå til nyhendearkiv