Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

Krattrydding

Krattrydding i Hildastranda

Av Harald Røyrvik

HildastrandaKrattrydding langs stranda frå Nelly til om lag stupebrettet i Hildastranda, lørdag 17.april kl.10.


Innvik Bygdeutvikling har ved mange høve masa om ”grøne tunnelar”, med etterlysning av at nokon opnar opp, spesielt langs strendene. No har Hogne Reme gitt grønt lys for dugnad på sin eigedom i Hildastranda, dvs langs stranda frå Nelly til om lag der stupebrettet er. Han vil stille reiskap og anna utstyr til disposisjon, og dei som er med, får ved som godtgjersle.

Innvik Bygdeutvikling har søkt kommunen om midlar til krattrydding, men det var ikkje noko å få no. Men tidlegare når dei har gitt middlar har dei ønskt at eit og anna fint tre eller grupper av tre, blir sett igjenn. Dei seier også at det er viktig å stubbebehandle med glyfosat (roundup) for å hindre at tusen nye renningar kjem opp der det før stod eit tre.

Så møt opp med sag, verktøy, arbeidshanskar, hørselvern, verneutstyr og/eller godt humør og ta eit tak for bygda. Har du spørsmål eller forslag kan du ta dette opp med Hogne på tlf. 993 69 778.

Hildastranda
(Sist oppdatert 11.april 2010, 21:30)

Gå til nyhendearkiv