Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

Brukarane meir fornøgde enn pårørande

Brukarundersøking ved omsorgssentra i Stryn og Vikane

Av Fjordingen

Brukarane av institusjonane i Innvik og Stryn er godt fornøgde med tilbodet. Pårørande som deltok i undersøkinga, har meir å utsetje på tenestene.

Dette kan du lese meir om på www.fjordingen.no.

Brukarane av begge institusjonane gav sluttkarakteren 3,7. Landssnittet er til samanlikning 3,3. For Stryn omsorgssenter er det ei forbetring frå 3,2 i 2005, medan Vikane omsorgssenter gjekk opp frå 3,5.

Pårørande som deltok i undersøkinga, meiner at kvaliteten på tenestene ved Stryn omsorgssenter har gått tilbake. Medan dei spurte i 2005 gav karakteren 3,2 fall den no ned på 3,0. Dvs. under landsgjennomsnittet på 3,1. For Vikane omsorgssenter var stillinga uendra med 3,3.

På spørsmålet om respektfull handsaming, gjev begge grupper karakteren 3,6. Det er svært bra og særdeles viktig, understreka utvalsleiar Per Kjøllessdal.

Les heile saka i Fjordingen onsdag 12. mai 2010, side 6 og 7.
Fjordingen kan også kjøpast i laussalg gjennom nettstaden www.buyandread.com.


(Sist oppdatert 15.mai 2010, 22:05)

Gå til nyhendearkiv