Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

Jonsokafta i Innvik

Jonsokafta i Innvik på Viking Camping

Av Harald Røyrvik

Foreldrene til kommande 1.klassingar startar ny tradisjon og tar på seg å arrangere jonsokfeiringa.

På forrige foreldremøte i barnehagen, vart det beslutta å starte ein ny tradisjon der foreldra til kommande 1.klassingar tar på seg å arrangere jonsokafta i Innvik.
I jonsokafta-kommiteen for 2010 er Grethe Grøsvik Hilde, Karin Vindfjell Frøholm og Geir Peder Ueland.

Innvik Bygdeutvikling ser positivt på eit slikt initiativ og leverer gjerne stafettpinnen vidare.

Cato Reme og eit par karar til har fått oppgåva med sjølve bålet og har derfor følgjande ønske:
Vi treng material eller liknande til jonsokbål på campingen.
Er det nokon som har noko dei vil bli kvitt, ring Cato 47355964.


Program med aktivitetar og tidspunkt finn du i kalendaren her på Vikanenett.

Dersom du har gløymt kor kjekt det var i fjor, kan du lese nyheiskrivet Jonsokfeiring Innvik 2009.


(Sist oppdatert 12.juni 2010, 21:31)

Gå til nyhendearkiv