Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

Større uteområde til Innvik barnehage

Skogen i full gang med vegen langs skuleplassen

Av Harald Røyrvik

På mandag var det sommarfest i Innvik barnehage og rektor/styrar Per Inge Seime kom med den gledelege nyheita at barnehagen ville få større uteområde.

Det hadde same dag vore eit møte mellom skulen/barnehagen og stiftinga Gamle Innvik Ullvarefabrikk, som eig fabrikkarbeiderbustaden. Fabrikkarbeiderbustaden er det gule huset som står mellom barnehagen og skulen og som det blir bygd ny veg langs. Stiftinga hadde gått med på at barnehagen kunne få disponere utearealet rundt dette huset.

Audun Skogen seier han vil planere og stelle til uteområdet rundt huset i samband med arbeidet på skuleplassen. Han vil også sette opp gjerde rundt uteområdet slik at barna får ein trygg leikeplass. Sidan dette skjer samtidig med arbeidet på skuleplassen blir dette utan kostnad for stiftinga.

Vegen som blir bygd no er forskotert av Audun Skogen for å få på plass kunstgrasbana som han også har tatt initiativ til og finansiert. Les også Innvik får kunstgrasbane her på Vikanenett.



Jostein Bruland er engasjert til arbeidet med bygging av veg og tilordning av område på skuleplassen.


(Sist oppdatert 24.juni 2010, 11:19)

Gå til nyhendearkiv