Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

Jonsokfeiring Innvik 2010

Svært vellukka jonsokfeiring i Innvik

Av Harald Røyrvik


Foreldrene til kommande 1.klassingar i Innvik gjennomførte eit flott Jonsokarrangement på Viking Camping.

Det kom omlag 100 personar til Jonsokfeiringa på Viking Camping som foreldrene til kommande 1.klassingar arrangerte. Tradisjonen tru var det brudefølge med hest og kjerre frå skulen med to brurepar. Følget gjekk frå skulen med Vikane skulemusikk i spissen oppom Omsorgsenteret, før dei spasserte vidare til campingen. På campingen fekk ein kjøpt seg nydelig rømmegraut med spekemat og flatbrød, eller ein kunne velge frå a la carte-menyen. Det var laga til natursti og fleire aktivitetar for barna. Fleire samla seg etter kvart nede ved det store bålet og nokon syntes det til og med var så varmt at dei tok seg eit bad i fjorden.

Anita Røyrvik seier det var flott deltaking på naturstien på jonsokafta. Nokre av postane var litt for godt gøymde, så det var enkelte som ikkje fekk med seg alt. Dette gav litt varierte poengsummar, men alt i alt var det veldig dyktige folk som var med!

Poengsummane fordelte seg slik av 32 mogelege: Jonsokbål i Hildastranda © Arnt Bøe
Synne, Anya og Skjetil    29 poeng  GRATULERER!!!!
Gunn, Elmar og Liv         28 poeng
Camilla                             22 poeng
Jorunn og Asgeir            19 poeng
Heidi                                  15 poeng
Mona                                 15 poeng
Olav                                   10 poeng

Innvik Bygdeutvikling selde lodd med flotte premiar, og vil i den samanheng takke Innvik Fjordhotel, Skogstad, Cafe Go´beten, ICA, Fjord1, Viking Camping og Lutti for gavene som vart lodda ut.

Vikanenett ønskjer bilder frå dette eller andre Jonsok-arrangement, send inn. Bilde over er tatt av Arnt Bøe.

Jonsokbrudene © Gunn Bente Skåden Jonsok-Brudepar1 © Anita Røyrvik Jonsok-Brudepar2 © May Skåden
Bilda over er tatt av: Gunn Bente Skåden, Anita Røyrvik og May Skåden
Bilda under er tatt av: Atle Reme
Jonsok-kvelden1 © Atle Reme Jonsok-kvelden2 © Atle Reme Jonsok-kvelden3 © Atle Reme

Jonsok-kvelden4 © Atle Reme Jonsok-kvelden5 © Atle Reme Jonsok-kvelden6 © Atle Reme

Jonsok-kvelden7 © Atle Reme Jonsok-kvelden8 © Atle Reme Jonsok-kvelden9 © Atle Reme

(Sist oppdatert 07.juni 2011, 21:00)

Gå til nyhendearkiv