Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

Tilbyr kommunen vederlagsfri tomt

Av Fjordingen

For tre år sidan tilbaud Stiftinga Gamle Innvik Ullvarefabrikk kommunen tomta mellom skulen og barnehagen vederlagsfritt. Stiftinga ventar framleis på svar frå kommunen.

Mellom barnehagen og Innvik skule står den gamle arbeiderbustaden til Gamle Innvik Ullvarefabrikk. Huset ligg midt i det foreslåtte planområdet for areal til barnehagen, og må fjernast for at barnehagen skal nytte området best mogleg. Styret i stiftinga vil tilby kommunen tomta, mot at kommunen kostar flytting av huset, men har etter tre år enno ikkje fått tilbakemelding.

Steinar Nesdal, seksjonsleiar for plan og utvikling i Stryn kommune, informerer om at saka enno ikkje er formelt behandla, men kommunen har avklart nytt areal til arbeidarbustaden ved Gamlefabrikken.

Les heile saka i Fjordingen onsdag 30. juni 2010, side 9.
Fjordingen kan også kjøpast i laussalg gjennom nettstaden www.buyandread.com.


Les også tidlegare nyheitskriv Større uteområde til Innvik barnehage her på Vikanenett.


(Sist oppdatert 01.juli 2010, 23:47)

Gå til nyhendearkiv