Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

Arbeiderbustaden er flytta

Arbeiderbustaden vart flytta 14. juli 2010

Av Harald Røyrvik og Lena Heggdal Skogen

Den gamle arbeiderbustaden tilhøyrande Gamle Innvik Ullvarefabrikk, som har stått mellom skulen og barnehagen i Innvik, er no flytta.

Under arbeid med kunstgrasbana kom ein fram til at skulle det gule "spinneri-arbeider-jente-huset" flyttast, måtte det bli no. Å frakte huset vekk frå tomta mellom skulen og barnehagen ville bli vanskeleg når kunstgraset var på plass. Derfor vart det sett igong med flytting av huset.

Mobilkran AS frå Førde tok oppdraget, dei er vande med slikt arbeid og har hatt fleire liknande prosjekt.

På baksida av gamlefabrikken var ein stor dugnadsgjeng i sving laurdag og laga nye grunnmurar til huset.

På gulehuset har det vore arbeidd med å forsterke golv og bjelkar både dag og natt. Huset vart tømt for inventar og kun skalet stod att då kranbilen løfta huset.

Tomt klargjort © Harald RøyrvikSjølve turen til nyetomta gjekk bra, men problem oppstod då ein såg at høgspentlinja stod i vegen for krana. Ein gjeng med store maskiner sette i gong med å lage ny veg fram til grunnmuren i går/natt og har klargjort den i dag. Huset måtte derfor overnatte på lastebilen og takast igjen i dag, torsdag.

For dei som ikkje har fått det med seg: PRIMUS MOTOR ER AUDUN SKOGEN!

Følg med for det kjem meir om saka. Har du innspel til saka eller bilde, så send det inn til Vikanenett.

Les også tidlegare nyheitskriv Tilbyr kommunen vederlagsfri tomt , her på Vikanenett.

Foto Lena Heggdal Skogen
14. juli 2010 290 © Lena Heggdal Skogen 14. juli 2010 294 © Lena Heggdal Skogen 14. juli 2010 297 © Lena Heggdal Skogen 14. juli 2010 299 © Lena Heggdal Skogen

Foto Kjell Mortveit
Då reiser vi..... © Kjell Mortveit Forbi skulen..... © Kjell Mortveit Til Vagstad krysset og utover..... © Kjell Mortveit Over brua..... © Kjell Mortveit
Og opp utpå Eira.... © Kjell Mortveit Æ dar klaring--- © Kjell Mortveit Endelig forbi.... © Kjell Mortveit Her får eg stå til tomta blir klar....I morgen © Kjell Mortveit

Foto Espen Arreberg
IMG_3326 © Espen Arreberg IMG_3451 © Espen Arreberg IMG_3458 © Espen Arreberg IMG_3459 © Espen Arreberg
IMG_3460 © Espen Arreberg IMG_3465 © Espen Arreberg IMG_3468 © Espen Arreberg IMG_3471 © Espen Arreberg

Foto Harald Røyrvik
14072010452 © Harald Røyrvik 14072010460 © Harald Røyrvik 14072010462 © Harald Røyrvik 14072010463 © Harald Røyrvik
(Sist oppdatert 15.juli 2010, 10:30)

Gå til nyhendearkiv