Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

Trafikkulukke i Innvik

Trafikkulukke i Innvik laurdag ettermiddag

Av NRK Sogn og Fjordane

Bil på taket i Innvik laurdag 21 aug © Kjell Mortveit
Laurdag ettermiddag (21/8) var det trafikkulukke i Innvik omtrent samstundes med ei i Oppstryn.

Bilen hamna på taket etter å ha treft ein støypekant. Bilføraren som var åleine i hadde kome seg ut av bilen. Det var ingen andre køyretøy involverte.

Bil på taket i Innvik

Av Fjordingen                                                                                          Foto Kjell Mortveit

Bil på taket i Innvik laurdag 21 aug © Kjell MortveitHan var på veg til Trondheim etter bilhandel i Bergen, men i Innvik køyrde mannen inn i eit brukar og velta. Dermed vart BMW'en fullstendig smadra.

- Lege på staden og mannskap frå luftambulansen sa at det såg bra ut, men ut frå skadeomfanget på bilen ville dei likevel ha mannen til sjukehus for ein skikkeleg sjekk, opplyser politibetjent Vidar Stavik.

Han seier det ikkje er mistanke korkje om promillekøyring eller høg fart. Bilen var ein sportsbil, men Stavik meiner kollisjonen i brukaret kan ha skjedd ved eit hendeleg uhell.


Les meir på www.nrk.no/sf eller www.fjordingen.no.

Les også nyhenda Trafikkulukke ved Heimlund som skjedde på same stad den 27 mars i år.



(Sist oppdatert 25.august 2010, 20:40)

Gå til nyhendearkiv