Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

12 førsteklassingar ved Innvk skule

12 førsteklassingar ved Innvk skule 2010/11

Av Harald Røyrvik

Dei nye 1. klassingane har funne seg godt til rette i lag med kontaktlærar Atle Kårstad, ved Innvik skule.

Mandag 16. august var det skulestart for totalt 74 elevar ved Innvik skule. Det var ein strålande fin dag med god stemning både inne i gymsalen og ute på det nye flotte anlegget.

Lærarar og elevar har fått eit flott uteområdet med stor kunstgrasbane, nye sandkasser og nylagt asfalt på sykkelstiane. Audun Skogen har gjort ein kjempejobb for å legge til rette for gode aktivitetar!!!

Bilde av 1.klassingane på deira første skuledag:

1.klasse Innvik Skule 2010 © Anita Røyrvik

Bak frå venstre Thomas, Peder, Sivert, Kristian, Vegard, Andreas og Henrik.
Framme frå venstre Danial, Karen, Signe, Håvard Johan og Aleksander.



(Sist oppdatert 25.august 2010, 19:46)

Gå til nyhendearkiv