Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

Kunstutstillinga "Innsikt"

Kunstutstillinga "Innsikt" i Gamle Innvik Ullvarefabrikk

Av Harald Røyrvik

Har du fått med deg kunstutstillinga "Innsikt" i galleri Plysen i Gamle Innvik Ullvarefabrikk?

Her er teknikken rennande olje. © FjordingenEg var innom kunstutstillinga "Innsikt" forrige veka og la igjenn
30 kroner for å få sjå dei imponerande bilda til Mia Gjerdrum Helgesen.

Mia, som seinast 26. juni i år, fekk omtale i Magasinet til Dagbladet for bilda hennar som er inspirert av Edvard Munch.

Fjordingen har også laga ein omtale med tittelen
Med kjærleik til Edvard Munch om Mia og utstillinga "Innsikt",
som eg fant i sin heilheit på heimesida hennar www.miamgh.no.

Foto Fjordingen:
Mia Gjerdrum Helgesen med teknikken rennande olje.




Det imponerer meg at nokon er villig til å bruke ti timar kvar veke ein heil somar for å få vist fram annerkjente kunstmaleri.

Det er vel berre på sin plass at ein legg at nokre kroner og gir litt ros til nokon som får dette til i vesle Innvik.

Eg veit at Anne-Karin hadde ønskt å få solgt eit par bilder til, så kjenner du nokon som har bursdag kan kanskje dette vere ei flott gåve.

Har du ikkje sett utstillinga, så har du muligheita i alle fall ut denne månaden.


Utstillinga er open onsdag kl.12-15, laurdag 13-16 og søndag 13-17. Foto av galleristyrar Anne-Karin Eriksen


(Sist oppdatert 23.august 2010, 21:46)

Gå til nyhendearkiv