Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

Velkomne til Liatunet

Velkomne til Liatunet

Av Solveig Heggdal

Siste søndagen i august (29.) har vi gleda oss til lenge. Då vert det – tradisjonen tru - open dag i LIATUNET
med sal av rømegraut m/spekemat, eldhussteikte brød, rømekolle (etter Oddvar si oppskrift) og so sjølvsagt kaffi og Britasvele.
På programmet i år har vi felespel og visesong av Petter Eide og Jon Bjørn Fløtre
Og som vanleg vil Dag ha omvisning i hus og løe – med historie og fortal frå gamal tid.
Vi håpar på godt og lageleg vèr, og at du kjem !!

Prisar: Inngongsbill. Kr 50,- Barn u. 15 år gratis
Inkludert smaksprøve av nybaka brød
Rømegraut m. tilbehøyr kr 90,- utan kr 70,-. Barneporsjon kr 50,-
Rømekolle kr 20,-
Svele kr 10,-
Kaffi kr 10,-
Eldhussteiket brød kr. 40,- Her er det fyrstemann til mølla…

Liatunet 1 © Solveig Heggdal Liatunet 2 © Solveig Heggdal Liatunet 3 © Solveig Heggdal Liatunet 4 © Solveig Heggdal
Liatunet 5 © Solveig Heggdal Liatunet 6 © Solveig Heggdal Liatunet 7 © Solveig Heggdal Liatunet 8 © Solveig Heggdal

(Sist oppdatert 25.august 2010, 20:52)

Gå til nyhendearkiv