Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

NCC-leikane

NCC-leikane på Osterøy

Av Fjordingen

Oscar Raftevold (14) frå Vikane leverte sterke prestasjonar og blei nummer tre i høgde med 1,56.
I tresteg vart han nummer fem.


Foto og kommentarar av Terje Raftevold

Oskar reiste til Osterøya med von om å setje ny pers i høgde, men ein strekk i korsryggen gjorde sitt til at han ikkje fekk skikkeleg ”trøkk ” i satsen. 1,56 m er to cm under pers ( hadde gode forsøk på 1,61), men eit resultat han tross alt var fornøgd med. Strekken hemma han og ein del i tresteg. Han har ikkje konkurrert i denne øvinga før, og gjorde med sine 10,05 m eit bra resultat (10 cm bak 3. Plassen). Oskar har ikkje satsa for fullt på friidrett denne sesongen, det har blitt mest fotball. Dette stemnet ga kanskje næring til meir satsing mot neste år? Då må målet vere å kvalifisere seg til NM for ungdom.



(Sist oppdatert 01.september 2010, 23:04)

Gå til nyhendearkiv