Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

Den eldre Edda

NYTT MØTE MED PER ELSDORF CHRISTIANSEN

Av Torill Bennæs

Per Elsdorf Christiansen har eit par gongar hatt kunstutstilling her i Innvik, sist i påska 2004, då han var utstillar i Innvik gamle prestegard. No er han her igjen, denne gongen i Gamle Innvik Ullvarefabrikk.

Per Elsdorf Christiansen © Torill BennæsDenne utstillinga heiter Den eldre Edda. Gjennom ein heil biletserie har han tolka den norrøne mytologien, og det så ”livfullt” at ein skulle tru det var fotografert. Her finn vi Ginnungagap med urjotnen Yme, vi finn Odin og Tor, Lòke og Heimdall. Vi finn drapet på Balder, og Skade som krev bot for drapet på faren sin, vi finn Frøya som gir seg i lag med dvergane for å få att gullarmbandet Brisingamen, og mykje meir. Opphavleg var det 32 bilete. No er nokre selde, så i denne utstillinga er det 25-26 bilete.

Eg undrast kva som har fått Per til å gå i gang med ei så omfattande oppgåve?
- ”Eg har alltid vore interessert i det norrøne, og les alt eg kjem over. Inspirasjonen til denne samlinga har eg frå boka ”Gylfaginning”, som truleg er den første boka Snorre skreiv. Der fortel han om svenskekongen Gylve som vitjar Åsgard for å få kunnskap om æsene, om korleis dei synkverver han, og fortel om moral og levereglar i Åsgard. Etter kvart som eg lés, såg eg for meg desse skapningane og hendingane, og eg måtte berre formidle det eg såg.”

”Kor lenge har du arbeidd med samlinga?”
- ”I om lag eitt år”.

”Samlinga har vore her i distriktet før?”
- ”Ja, ho var på Hjelle Hotell i Oppstryn sist sommar.”

”Du har hatt mange utstillingar her i distriktet – kva dreg deg hit?”
- ”Eg har nær familie i Stryn, og var der sjølv frå eg var 16 til eg var 20 år. Då var eg urmakarlærling. Elles er det naturen. Eg målar her, og eg har hatt fleire målarkurs her i området.”

”Kva bakgrunn har du som kunstnar?”
- ”Eg er sjølvlærd. Eg skulle eigentleg bli handverkar - difor urmakarlæra. Eg hadde eigen urmakarpraksis i Volda, men etter tre år såg eg at det ikkje var ”livet” for meg. Interessa for å måle var etter kvart blitt så sterk, at det ikkje var nokon veg utanom – eg måtte bli kunstnar. Eg har teke nokre kurs, mellom anna var eg på sommarskule i California i 1984 for å lære abstrahering.”

”Du vaks opp i Kragerø, der Fritz Thaulow, Edvard Munch, Theodor Kittelsen, Erik Werenskiold og andre ”store” kunstnarar heldt til – har det påverka di utvikling?”
- ”Ja, det trur eg, kanskje spesielt Kittelsen og Werenskiold.”

”Kva teknikkar jobbar du med?”
- ”Mest olje og akvarell. Elles skjer eg i tre, og lagar skulpturar i metall og betong.”

”Den einaste statuen som finst av Edvard Munch – den er det du som har laga, er det så?”
- ”Ja, den står i Kragerø, på staden der han måla dei kjende bileta til Aulaen i Universitetet i Oslo.”

”Har du laga fleire slike verk, der du har fleire bilete over eit spesielt tema?”
- ”Ja, eg har tidlegare måla frå segna om Volund Smed.”

”Og etter det eg forstår skal du no i gang med endå eitt?”
- ”Ja, no står Voluspå for tur.”

Så då er det berre å vente på nok eit storverk frå Per - eg håpar at vi får sjå det òg her i Innvik…
Utstillinga Den eldre Edda vert verande i ”gamlefabrikken” utover hausten, og det vil vere ope laurdagar og søndagar, frå kl 13 til 16.


(Sist oppdatert 09.oktober 2010, 15:38)

Gå til nyhendearkiv