Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

Innvik Pizzateam

Innvik sitt første Pizzabud!

Av Harald Røyrvik

Ei elevbedrift beståande av 4 ungdomar i 9. klasse startar i haustferien opp med pizzabaking og levering i Innvik.

Ungdomane er Alexander Presthus, Oskar Raftevold, Erling Tenden Myklebust og Agon Qitaku, og startar opp i morgon (tysdag i Haustferien).

Tysdag, onsdag, fredag og laurdag i haustferien leverer dei frå kl.16-20. Dei vil også lever ut pizza etter haustferien og leverer da ut fredag og laurdag kl.17-20.

Bestill (helst minst en dag i forvegen) på tlf. 97544910
eller e-post. innvik.pizza@gmail.com.

For meir informasjon sjå heimesida www.innvikpizzateam.do.am

Ei elevbedrift er noko alle 9. klassingane får tilbod om å starte, der ein får eit besøk av Stryn Næringshage. Elevbedrifta får ein startkapital frå Næringshagen og frå Sparebanken Sogn og Fjordane. Poenget med elevbedriftene er at elevane skal sjå litt på korleis det er å starte ei eiga bedrift og på ein måte få eit innblikk i næringslivet. Elevbedriftene kan vere alt frå pizzabaking til klesdesign og salg.

Trykk på bilde for å forstørre plakaten som er hengt opp i Innvik:


(Sist oppdatert 12.oktober 2010, 09:53)

Gå til nyhendearkiv