Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

Basar i Heimlund

BASAR I HEIMLUND - Søndag 31. oktober kl.16 (2010)

Av Ragnhild Johanne Vambeset

Innvik sokneråd prøver å gå nye vegar for å få inn midlar til kyrkjelydsarbeidet. Inntekta er no hovudsakleg ofringane i kyrkja. Vi vonar at basar vil betre økonomien betrakteleg.

Vi inviterar difor til basar i Heimlund siste oktober (sjå plakat). Bedrifter, lag og organisasjonar har stilt villeg opp med gevinstar til bøkene, og så håpar vi alle andre er flinke til å kjøpe lodd og kome med åre-gevinstar. Bøkene ligg på kafe Godbiten fram til basaren.

Soknerådet treng pengar til mange oppgåver:

Bøker til 4- 6- og 10-åringane og anna materiell til trusopplæringa. Under planlegging er no
  ”Lysvaken” (overnatting i kyrkja for 5.-6. klasse) og samling for familiane til 4-åringane. Begge desse
  arrangementa er i samarbeid med Utvik sokneråd. Dessutan vil vi prøve å få til barnekor i Innvik.
  Kyrkjelydspedagogane hjelper til med dette arbeidt.
• Innvik sokneråd betaler del av løna til kyrkjelydspedagog/kateket
• fleire benker på kyrkjegarden
• prydbusker/hekk på kyrkjegarden
• fleire konfirmantkapper
• - og så ynskjer vi å begynne å spare til orgel


Nokre konfirmantjenter vil underhalde med song på basaren.
Kake og kaffi/ saft er gratis.

Velkomne til Heimlund.

Innvik sokneråd


(Sist oppdatert 16.september 2011, 22:07)

Gå til nyhendearkiv