Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

Skåden sitt fruktbrennevin

Send inn ditt namneforslag til fruktbrennevinet

Av Harald Røyrvik

No har eg sendt inn mitt namneforslag til fruktbrennevinet.

Som den avholdsmannen eg burde ha vore, skulle eg ikkje gitt noko namneforslag til dette brennevinet. Men sidan eg er ganske flink til å skrive om når ein kan få seg altervin i Innvik og Utvik, får eg vel meine noko om dette også. For ikkje å snakke om kva ringverknadar Aordal Cognac har fått. Eg håpar fruktbrennevinet får eit flott namn og at me her i Nordfjord blir like stolte over denne drikka som Aordølene er over cognac'en sin.

For dei som ikkje har fått med seg nyhenda, sjå Fruktbar Skåden-idé her på Vikanenett eller les Pressemeldinga i sin heilheit (word-format).

Lokalt fruktbrennevin frå Nordfjord søkjer namn

abp_logoHar du eit godt namn til vårt nye fruktbrennevin produsert på lokale råstoff?
Merkevarenamnet skal gje assosiasjonar om Nordfjord.
Meir info om konkurransen; sjå www.nordfjord.co.nr
og ABP Frukt- og bær Nordfjord på facebook Vinnarframlegget vert premiert.

Agro Business Park - Frukt- og bær Nordfjord
promiljo@vereide.net / tlf. nr. 90070848


(Sist oppdatert 28.oktober 2010, 19:34)

Gå til nyhendearkiv