Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

OASE-helg i Innvik

OASE-helg i Innvik 12. - 14. November.

Av Innvik Fjordhotell

Neste helg blir det arrangert Oase-helg på Innvik Fjordhotell, Misjonsheimen.

Oase er ei inspirasjons- og fornyingsrørsle for kristenfolket i Norge. I tillegg til ein stor festival kvar sommar, arrangerer Oase også slike regionale samlingar. Tema for helga er ”Fri og modig”.

Gjennom undervisning, musikk, lovsong, tilbeding, samtale, forbøn og i stille Guds-nærver ynskjer vi å skape rom for at Den Heilage Ande kan verke i oss og blant oss, slik at mange blir utrusta til endå større fridom, mot og glede i disippellivet.

I år er det lokale krefter som står for opplegget. Betsy og Per Arne Tøsse og Kari Synnøve Muri m.fl. forkynner Guds ord, og det blir mykje lovsong, leia av Jan Gudmund Skrivervik m/team. Prokla-Media forlag blir tilstades med bok-stand heile helga. Det blir mange tilreisande frå heile Nordvestlandet som bur på hotellet, og møta er sjølvsagt opne for alle. Vi ynskjer velkomne til ei inspirerande helg i fellesskap med kvarandre – og den treeinige Gud!

Les meir om arrangementet på Innvik Fjordhotell si heimeside www.innvikfjordhotell.no.


(Sist oppdatert 03.november 2010, 21:26)

Gå til nyhendearkiv