Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

Gamle Innvik Ullvarefabrikk

Storstove for kulturelle aktivitetar på historisk grunn

I posten kom det ein informasjonsfolderen frå Stiftinga Gamle Innvik Ullvarefabrikk som viser hovedområda dei har arbeidd med og dei mål dei har for vidare utvikling av denne unike eigedomen.

Les pdf-dokumentet / informasjonsfolderen ved å trykke på bilde til høgre.

Stiftinga ønskjer tilbakemelding om du ønskjer å vere støttemedlem med eit lite årleg bidrag til stiftinga, eller om du ønskjer å gje bidrag eller støtte dei på annen måte.

Vidare ønskjer dei at du tar kontakt om du ønskjer å sjå om lokala kan passe til ditt arrangement.

Dei vil også svært gjerne ha tilbakemeldingar og forslag til aktivitetar som kan passe inn i desse flotte lokala.

Torsdag 11.november blir det trekning av eit utlodda bilde som er måla av Wald P. Skåden. Det er også andre gevinstar med i trekninga. Du kan kjøpe lodd ved besøk av P. E. Christiansen si kunstutstilling i gamlefabrikken kvar laurdag og søndag mellom kl 13.00 og 16.00.

Les meir om kunstutstillinga i nyheitskrivet Den eldre Edda, her på Vikanenett.


(Sist oppdatert 04.november 2010, 23:53)

Gå til nyhendearkiv