Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

Tafjord vann i Innvik

Av Fjordingen

Torstein Tafjord vann begge vinterstemna i miniatyrskyting, i Innvik og Stryn i helga.

Stemne i Innvik vart arrangert av Olden skytarlag, medan Oppstryn skyttarlag sto for stemnet i Stryn. I overkant av 30 skyttarar deltok på kvar av banene.

- Det er ikkje til å leggje skjul på at aktiviteten er for dårleg på bana her. Torsdag skal vi ha ei økt for 5. og 6. klassingane ved skulen. Vi stiller likeeins opp 13. januar. Dette for å vekkje interessa, seier Per Gunnar Tisthamar som laurdag sytte for at elektronikken knytta til dei sju skivene fungerte som han skulle.

Les saka og sjå resultatlista i Fjordingen mandag 6. desember 2010, side 10 og 11.
Fjordingen kan også kjøpast i laussalg gjennom nettstaden www.buyandread.com.



(Sist oppdatert 08.desember 2010, 20:42)

Gå til nyhendearkiv