Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

E39 gjennom Innvik?

E39 gjennom Innvik?

Av Lars Åge Hilde (Fotomontasje av Steinar Frøholm, ikkje bakgrunn i off prosjekt)

E39 - bru © Steinar FrøholmTre alternativ for linjeføring av E39 Skei-Volda er fortsatt aktuelle og skal utgreiast vidare. “Innvik-alternativet” (SV-K10) er ein av desse.
Hvis ein tek av dei lokale brillene og ser dette i eit vestlandsperspektiv, er det vanskeleg å finne gode argument for ikkje å velge K10.

For Gloppen og Eid er det topp prioritert å få bru Lote-Anda. Løysinga er unødvendig dyr og gjev ein stor omveg via Kvivsvegen, eller dobbel kostnad hvis Stigedal-alternativet blir valgt (Alternativ K4 og K6).

Argumenta for K4 og K6 er så tynne at Fjordkryssing AS (som arbeider for desse alternativa og som m.a. har Stryn kommune (!) som aksjonær) har engasjert sjølvaste Opseth’en som lobbyist.

Dersom Innvik-alternativet skulle bli valgt i 2012: Er vi klar for det?

Vår påvirkning i saka er antakeleg minimal, men det er mulig at vi kan påvirke om øvre eller nedre linje skal følgast gjennom Innvik. Ved å etablere alliansar med dei store Vestlandsbyane kan det skapast betydeleg politisk press.


I løpet av 2012 blir den endelege linjeføringa for E39 Skei-Volda sannsynlegvis bestemt.
Innvik har ei historisk mulegheit til å bli ei sentral- eller ei utkantbygd i regionen.
Anleggsperioden vil venteleg gå fram til 2022 eller der omkring, men positive effekter vil kome straks det er klart at vegen kjem til å gå gjennom Innvik.

Pr i dag (21.1.11) er det 3 alternativ som fortsatt er aktuelle:
• K4: Byrkjelo-Anda-bru-Hjelle-Kjøs-Grodås-Kvivsvegen-Volda
• K6: Byrkjelo-Anda-bru-Stigedalen-Folkestad-bru-Volda
• K10: Byrkjelo-Innvik-bru-Kjøs-Kvivsvegen-Volda

E39 Bru2 © Steinar Frøholm
(Trykk på bilde for å sjå nærmare på det.)

VIL INNVIK HA STAMVEGEN GJENNOM BYGDA ?

FORDELER:

• Stamvegstatus vil medføre midlar slik at den – i alle fall frå Byrkjelo til Frøholm – vil bli bygd ferdig før 2019. Bru Frøholm – Svarstad (Hildaneset – Robjørgane) vil deretter tvinge seg fram raskt. E39 er høgt prioritert i tildeling av midlar. Bompengar?
• Heile Indre Nordfjord vil bli ein arbeidsregion, Innvik vil bli midt i denne regionen og dermed få ei sentral beliggenheit. Mellom Førde og Volda vil E39 kun passere desse tettstadane: Vassenden, Skei, Byrkjelo, Innvik og Grodås.
• Innvik får store mulegheiter for vekst som attraktiv “forstad” til Stryn
• Verdien på fast eigedom i Innvik vil auke sterkt
• Betydeleg anleggsaktivitet i ca 10 år gir stort potensiale for utvikling av næringslivet
• Reisetid til
o Stryn 10 min
o Hornindal 14 min
o Sandane 25 min
o Eid 39 min
o Skei 26 min
o Volda 39 min

ULEMPER:

• Anleggsarbeidet vil medføre betydelege inngrep i bygda. Særleg hvis nedre linje blir valgt og det blir fristande å benytte tunnellmasse til å legge vegen “på fjorden”
• Bru ved Frøholm eller Hildaneset vil vere eit kollosalt stort naturinngrep
• Korte avstander kan utgjere ei fare for sentralisering av funksjonar vekk frå bygda. (soveby)
• Sterk økonomisk vekst ila kort tid kan ha betydelege ulemper
• Auka trafikk
• Kan føre til problemer for Alexandra Hotel? Olden Cruiseterminal? Breimsbygda Skisenter?
• Dersom det øvre alternativet gjennom Innvik blir valgt vil det åpenbart medføre ei fare for at noværande sentrum kan få redusert aktivitet

ALTERNATIVET:

Hvis vegen blir lagt Lote-Anda vil Innvik bli liggande endå meir avsides enn no. Trafikkproblema på Utvikfjellet og Ugla-Stryn vil auke yttarlegare inntil brua Anda-Lote er ferdig.
Er det politisk muleg å bruke 4.100 MNOK ekstra for å spare et minutt i køyretid mellom Skei og Volda? (SV-K6)
Eller 500 MNOK ekstra for å auke køyretida med 23 min? (SV-K4)

STRATEGI:

Rasjonelt sett skulle det vere gode mulegheiter for at K10 blir valgt. Men det vil nok ikkje skade om folk i Innvik viser litt positiv interesse for å støtte fagbyråkratiet (som relativt åpenbart likar dette alternativet best)

Vi har mulegheit til å bidra konstruktivt til at det samfunnsøkonomisk beste alternativet blir valgt, og samtidig forandre infrastrukturen for bygda vår i positiv retning.

Våre sterkaste argument er:
• Billegaste og raskaste alternativ
• Å velge alt. K4 vil medføre ein stor unødvendig sving på stamvegen (29km ekstra)
• Alt. K6 vil medføre ein uakseptabel ekstrakostnad, og dessuten gjere heile Kvivsvegprosjektet nærast bortkasta
• K10 gir 37 min redusert køyretid Bergen-Trondheim i forhold til K4 og K6, som ikkje gir noko effekt i det heile på dette. (Byrkjelo-Stryn FV 60 er 58 min no, nøyaktig det same som etter trase K4.
• For Ålesund, Bergen og Trondheim bør K10 framstå som klart beste alternativ. Gjev åpning for gode og tunge medspelarar

Vi treng nokon som kan fronte saka for Innvik. Kan Bygdeutviklingslaget nyttast til dette evt ved å tilsetje en lobbyist? Sjølv om saka inneheld enorme potensialer for Innvik kan det vere vanskeleg å framskaffe tilstrekkeleg med midlar lokalt.

Mulig framgongsmåte:
• Klarlegge at bygda er rimeleg samstemt for E39
• Bli enige internt i bygda om øvre eller nedre linjevalg
• Få medieomtale på K10 som det klart beste alternativet, media fronte dette overfor politikarane
• Arbeide opp mot kommunen, og at Stryn trekkjer seg ut av Nordfjordkryssing AS
• Opprette kontakter og argumentere overfor Fylkesutvalet, Vegvesenet og Samferdsleutvalet i fylket
• Arbeide opp mot stortingsrepresentantane frå fylket
• Opprette kontakter og få med sentrale politikarar og aviser i Bergen og Trondheim

Dei to første punkta krev lokal kompetanse og engasjement. Nedanfor er ei rekkje linkar til informasjon i saka. Du kan starte med å setje deg inn i ei sak som vil avgjere Innvik si framtid-
Eg har ikkje lukkast i å få tak i detaljar for dei forskjellige alternativa for linjeføring Byrkjelo-Langesethøgda, men arbeider med saka og vil kome tilbake med meir på Innvik-sida når eg får tak i dokumentasjon på det.

E39 - bru © Steinar Frøholm
(Trykk på bilde for å sjå nærmare på det.)

BAKGRUNNSSTOFF

http://www.vegvesen.no/_attachment/193280/binary/375723
(Kart med dei ulike alternativa, avstand, tid, kostnad)
http://www.nordfjordbrua.no/index.php?menyvalg=6
(Nordfjordkryssing AS)
http://www.e39sfj.origo.no/
(Om Stamvegutvalet, “dagens trasé skal nyttast”)
http://fjordaglimt.no/-/bulletin/show/494630_e39?ref=mst
(debatt om trase E39)
http://www.firda.no/nyhende/samferdsle/article4070144.ece
(Vegvesen-sjef vil flytte E39 til Stryn)
http://tilsett.hivolda.no/ja/Notat/Arb.rapp.183.pdf
(Svært interessant utgreiing (2005) om strukturar på Vestlandet)
http://www.vegvesen.no/_attachment/67486/binary/29889
(Utgreiing m/kart E39 A)
http://www.vegvesen.no/_attachment/123856/binary/234791
(“Legg stamvegen om stryn” (Avisartikkel))
http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_sogn_og_fjordane/1.7470713
(Sak i NRK 20.1.11 med kommentarer. )
http://www.fjordabladet.no/index.cfm?event=doLink&famId=157890
(Avisartikkel om trasevalg i møte januar 2011)
http://www.aftenbladet.no/lokalt/article484466.ece
(Generell artikkel i Stavanger Aftenblad der Innvik-alternativet er omtrent det einaste spesifikke frå Stavanger til Trondheim.)

- Ønsker utredning om E39
(Trykk på bilde for på gå til artikkelen på www.vegvesen.no.)


(Sist oppdatert 25.januar 2011, 13:01)

Gå til nyhendearkiv