Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

Innvik Sokneråd

INNVIK SOKNERÅD INFORMERAR


Innvik Sokneråd informerar

Årsmøte for kyrkjelyden vert halde på Misjonsheimen første måndag i mars (sjå plakat).

Eg vil ta med litt frå årsmeldinga:
• Kyrkjelyden har gjennom året delt ut dåpslys og brosjyrar til dåpsfamiliane.
• 3-åringane i soknet har fått sprelleengel, 4- og 6- åringane har fått bok og
  5. klassingane har motteke ”Godt nytt”.
• ”Lys vaken” – overnatting i kyrkja – vart arrangert i samarbeid med Utvik sokneråd.
• Konfirmantjubileet i september vart også arrangert i samarbeid med Utvik sokneråd.
• 0-2 åringane har hatt tilbod om babysong i Olden eller Stryn.
• Konfirmantarbeidet er i samarbeid med Stryn og Hornindal, det er og ”Ung Messe”.

Frå arbeidet elles vil eg nemne:
• Teikning av prosesjonskross til kyrkja no er sendt inn til godkjenning.
• Planteplan for kyrkjegarden er også sendt inn til godkjenning .
• Teppet i kyrkja er reinsa og reperasjon er planlagd.

Fullstendig årsmelding og rekneskap vert lagd fram på årsmøtet.

Framover voner vi at vi får sluttført det som er påbegynt. Vi håpar på stort frammøte på dugnaden til våren. Soknerådet arbeider elles med å få til Babysong i Innvik deler av året. Planen for trusopplæringa pålegg sokneråda å invitere til samlingar for m.a. dåpsfamiliane, og 4- og 6- åringane. Dette kjem til å vere i samarbeid med andre sokn, sidan det ikkje er så mange i kvart årskull i Innvik. 5. og 6. klassingane vert inviterte til Ullsheim 1. april:
”På spor av Jesus” (buss frå Utvik). Tiltaka for dei eldste vil oftast vere i samarbeid med Stryn og Hornindal. Vi vonar at dei inviterte vert flinke å støtte opp om alle tiltaka etter kvart som ein greier å få det til.


For Innvik Sokneråd
Ragnhild Vambeset



(Sist oppdatert 18.februar 2011, 11:47)

Gå til nyhendearkiv