Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

Kultursmak i Nordfjord

Kultursmak i Nordfjord

Av Alf Heggdal

Arrangementet "Kultursmak i Nordfjord" blir lagt til gamlefabrikken i midten av september i år og blir eit arrangement for heile Nordfjord.

Søndag 20. februar vart det på møte i Gamle Innvik Ullvarefabrikk diskutert planer om å få til eit arrangement om Næringsutvikling ved samhandling mellom frukt- og bærdyrking og reiselivet. Dette er ein del av programmet "Frukt- og bær rundt neste sving" som er støtta av Landbruks- og Matdepartementet. Arrangementet "Kultursmak i Nordfjord" blir lagt til gamlefabrikken i midten av september i år og blir eit arrangement for heile Nordfjord. Denne dagen skal både råvarer og produkt laga av lokalprodusert frukt og bær presenterast. Gjennom dette samarbeidsprosjektet ønskjer ein å stimulere til salg og utvikling av nye lokale produkt som kan bidra til næringsutvikling for den enkelte produsent.

Produksjon av frukt og bær så langt nord som i vårt område gjer at råvarene er kjende for spesielt god smakskvalitet, og dette ønsker ein at alle skal få ein smak av denne dagen.

Det vil bli sett fortgang i å få på plass ei arbeidsgruppe som kan planlegge arbeidet vidare slik at dette kan bli eit stort og godt arrangement.

Det vil kome meir informasjon om dette etter kvart.

Mvh
for Stiftinga Gamle Innvik Ullvarefabrikk
Alf Heggdal



(Sist oppdatert 22.februar 2011, 00:50)

Gå til nyhendearkiv