Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

Innvik Bygdeutvikling

Innvik Bygdeutvikling - Årsmøte 10.mars

Av Harald Røyrvik

Innvik Bygdeutvikling skal ha årsmøte 10. mars på Innvik Fjordhotell, og det er kome forslag til årsmøte om å endre vedtektene.

Innvik Bygdeutvikling hadde opprinneleg planar om å holde årsmøte 3. mars, men dette er no flytta til den 10. mars. Årsmøtet blir holdt i Innvik Fjordhotell kl.19:30 og styret håpar bygdefolket stiller opp. Sjå saksliste og meir informasjon om møte i kallendaren til Vikanenett.


Lars Åge Hilde har sendt inn forslag om endring av vedtektene, der han i hovudsak utvidar antall styremedlemar mot å ta vekk vararepresentantar. Under står endringsforslaget (med kursiv skrift):

§ 6 Val
Innvik Bygdeutvikling skal leiast av eit styre på 8 medlemmer som blir valde for eit år:
o Leiar
o Nestleiar – kontaktperson for kommunen
o Kasserar
o Sekretær
o Kontaktperson for næringsliv
o Ansvarleg / redaktør for “Innvikja”
o Ansvarleg / redaktør for Innvik-heimesida
o Kontaktperson for Utkantmessa
· Valnemnda skal ha 3 medlemmer, valde for 3 år. Den med lengst tenestetid står på valg etter å ha vore leiar for nemnda det siste året.

· Revisor skal veljast for 2 år
· Styremedlemmer må vere medlemmer av laget

§ 7 Styret sine gjeremål
Styret skal leie laget i samsvar med vedtektene og årsmøtet sitt vedtak. Styrevedtak avgjerast med simpelt fleirtal, ved stemmelikheit har leiaren dobbeltstemme.
Styret skal utarbeide framlegg til årlege budsjett og arbeidsplanar. Styret skal føre møtebok. Utviklingslaget bind seg ved underskrift av leiar og kasserer. Styret kan gi prokura. Styret kan tilsetje forretningsførar. Styret kan oppnemne utval til å arbeide med spesielle saker. I slike utval kan 1 eller fleire styremedlemmer vere med. Utvala skal føre referat frå alle møte. Desse referata skal sendast styret.


Dagens vedtekter kan du finne under heimesida til Innvik Bygdeutvikling, her på Vikanenett.



(Sist oppdatert 01.mars 2011, 12:06)

Gå til nyhendearkiv