Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

Innvik Bygdeutvikling

Årsmøte i Innvik Bygdeutvikling

Av Harald Røyrvik


Innvik Bygdeutvikling hadde årsmøte 10. mars og det vart valgt nytt styre på åtte personar med Lars Åge Hilde som leiar.

Årsmøtet til Innvik Bygdeutvikling (IBU) var på Innvik Fjordhotell torsdag 10. mars kl.19:30 og det møtte opp i underkant av ti personar.

Utanom dei vanlege punkta på sakslista, var det kome inn ei sak som gjekk på endring av vedtektene.
Denne saka var sendt inn av Lars Åge Hilde og gjekk i kortheit ut på å endre styret i laget frå fem styremedlemar og tre varamedlemar til åtte styremedlemar. Forslaget hadde også med seg at medlemane vart valgt for eitt år av gangen. Dette vart vedtatt med mindre endringar under årsmøtet.

Følgjande vart valgt inn i styret:
Jon Idar Hilde (attval), Per Heggdal (attval), Inger Hoff, Anton Skogstad, Olav Rune Haugen, Ørjan Skåden, Harald Røyrvik (attval) og Lars Åge Hilde.

For å holde kontinuteten i nokre særs viktige oppgåver, vil Torill Bennæs vere IBU sin deltakar i Turløype-prosjektet og Utkantsmarknaden. Terje Raftevold vil vere ansvarlig for Innvikja, som heile årsmøtet meinte burde fortsette i nokonlunde den formen den har i dag.

Kontigenten for IBU i 2011 vart fastsatt slik:
- Enkeltmedlemar kr.100,-
- Bedriftsmedlemar kr.200,-

Underteikna har oppdatert heimesida til IBU og der kan du:
- sette deg inn i dei nye vedtektene
- lese årsmledinga (for 2009 og 2010)
- lese årsplan (for 2010 og 2011)
- teikne medlemskap
- sette deg inn i lokale dialektord
- kontakte IBU (med innspel eller spørsmål)


(Sist oppdatert 18.mars 2011, 13:22)

Gå til nyhendearkiv