Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

For passivt, Wetlesen!

For passivt, Wetlesen!

Av Lars Åge Hilde og Harald Røyrvik

Fagmiljøa i Oslo påstår at det er utenkjeleg å bygge opp kompetanse i distriktsnorge fordi ingen dyktige fagfolk vil arbeide der. Fagmiljøet i Førde påstår at det er utenkjeleg å oppretthalde Nordfjord Sjukehus fordi ingen dyktige fagfolk vil arbeide der. Og administrasjonen i Stryn påstår at det er heilt utenkjeleg å få ein ny lege til å ha base i Innvik i framtida.

Å utvikle og oppretthalde nokonlunde like levevilkår over heile landet er ein evig kamp. Relativt lik tilgang til kommunikasjonar, utdanning og helse har vi på grunn av bevisst politisk vilje og målretta arbeid.

Folk tenkjer og prioriterar forskjellig, heldigvis. Korleis kan Berit Wetlesen vite heilt sikkert at det ikkje fins ein eller fleire legar der ute som ynskjer å overta legepraksisen i Innvik/Olden? Burde det ikkje vere Stryn kommune si plikt å forsøke å finne han eller henne? Tenk om det sit ein ny Harald Hoff der ute en plass og ventar på å få arbeide akkurat i eit slikt lite, kompakt og effektivt miljø? Burde ikkje helse- og sosialetaten i alle fall gjere eit forsøk på å finne han?

Innvik Bygdeutvikling var i si tid sentral i opprettinga av tannlegekontor i Innvik. Meldinga frå kommunale og fylkeskommunale fagpersonar var klar: Her var det utelukka å oppretthalde den tidlegare kombinerte private/offentlege klinikken, fordi det var heilt uråd å skaffe tannlege. Javel. Men vi etablerte no Vikane Tannlegekontor, der har vi gjennom dei 8 åra den har vore i drift hatt ein tannlege som slutta (motvillig og av personlege årsaker) etter 5 år, og den vi har no trivs og vi har ikkje fått noko signal om at ho har planer om å slutte med det første. Tvert i mot. Og begge tannlegane har vore framifrå dyktige fagfolk og svært godt likt av pasientane.

Harald Hoff har vore legen vår i 39 år og han har bygd opp eit trygt og godt miljø med korte kommando-linjer til øvrig helsepersonell på Vikane Omsorgssenter. Legen har også eit tett og godt samarbeid med helsesøster og jordmor på helsestasjonane både i Olden og Innvik.
Han har 1100 pasientar på lista si og fleire som gjerne vil vere der.

Realiteten er at det burde vore 2 legar i Vikane/Olden! Kvifor ein då på død og liv skal samle alle i Stryn sentrum er uforståeleg. Er der egentleg ledige kontorplassar til eit “større” fagmiljø?

Tryggleiken og fagmiljøet både i Olden og Innvik blir naturlegvis sterkt svekka av dette. Hoff har vore eit akuttmedisinsk tilbud i bygdene, også når Utvikfjellet eller Olden/Innvik har vore stengt.

Det skulle ikkje vere noko som helst tvil om at det finst både faglege, økonomiske og politiske argument til å vidareføre ei legestilling med base i Innvik, gjerne forsterka av lege frå Stryn ved behov.

Spørsmålet til Berit Wetlesen blir: Kvifor vil du ikkje eingong prøve å lyse ut legestillinga med base i Innvik?

Innvik Bygdeutvikling
Harald Røyrvik
Lars Åge Hilde


(Sist oppdatert 06.april 2011, 13:20)

Gå til nyhendearkiv