Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

Innvik Sentrum

Innvik Sentrum

Av Lars Aage Hilde

Dei fleste som passerar gjennom Innvik oppfattar bygda vår som lys og vakker frå naturen si side. Men utforminga av sentrum er ikkje så vellykka. Kan vi gjere noko for å forskjønne sentrum og auke stopp-verdien for turistar og andre som køyrer gjennom bygda?

I etterpåklokskapen sitt klare lys kan eg godt vedgå at eg angrar på at eg personleg la mykje energi i å få til bensinstasjon og ombyggingar på Vagstad-bygget. Alt dette burde naturlegvis vore plassert på Øyra der det tross alt var ei form for sentrum på den tida, med butikkar, hotell, post, lensmannskontor, bank, tannlege og frisør. Det var ein tabbe å ikkje bygge vidare på det og få til eit fortetta sentrum.

Men gjort er gjort og det er dessverre lite realistisk å gjere det om att på kort sikt.

I tillegg har vi ein svært farleg og halvferdig hovudveg gjennom heile området, som vanskeleggjer ei heilskapeleg utvikling.

No er det midlar på plass til å planlegge gong- og sykkelveg innover stranda. Bygdeutviklingslaget bør arbeide for at det blir planlagt gongveg heilt frå Tøsse til Hamnen samtidig. Då bør ein også sørge for at hovudvegen blir prosjektert, eventuelt med ei fartsdempande rundkøyring i Vagstadkrysset.

Den gamle småbåthamna er ikkje lenger noko pryd for auget og den blir i liten grad nytta. Ei nemnd skal ta opp dialog med interessentane der med siktemål å fylle opp arealet slik at det kan benyttast til trafikkareal og framtidig utbyggingsareal for Innvik Fruktlager og Vagstad. Ei slik løysing vil bidra til å løyse trafikk-problema rundt Vagstadbygget, og samtidig binde sentrum meir saman. Nye naustplassar vil kunne etablerast utanfor den nye fyllinga – omtrent slik som det er gjort i Utvik.

Bygdeutviklingslaget si rolle vil vere å etablere dialog mellom dei forskjellige partane og å få inn offentlege midlar som kan bidra til å løyse denne potensielt vanskelege saka på ein måte som er tenleg for alle.

To selskap er interesserte i å etablere og drive ein automatisk bensinstasjon ved ICA. Ei løysing med småbåthamna vil styrke både butikk, kafe og bensinstasjon, og samtidig gje mulegheit til ei tryggare trafikk-avvikling og betre parkeringsforhold. Dette er derfor ei viktig sak for bygda.

Dei tre tome husa i gamlesentrum – Urdahuset, Koopen og Kaia – ser ikkje direkte innbydande ut med tome butikkvindauge og mangelfullt vedlikehald. For å få gjort noko med dette krevst det store investeringar, og dessverre er det vanskeleg å sjå korleis det kan gjerast økonomisk fornuftig for eigarane. Men forslumminga av dette området må ikkje få halde fram.

Er det muleg å etablere marknadsdagar på Bankplassen? Kan Bondelaget og 4H eller andre organisere utsalg der enkelte dagar om sommaren og selge bær og lokale produkt? Det kunne gjere bygda litt meir fargerik og gje kjærkomne arbeidsplassar til ungdom. Det ville auke stoppverdien og støtte både Skogstad-butikken, hotellet og ICA, og gje litt meir liv i sentrum.

Frå Bygdeutviklingslaget si side vil det bli arbeidd med å utplassere kvilebenkar rundt om på turvegane våre. Det skal også arbeidast meir systematisk med merking av stiar. Og vi vil prøve å få til noko i Klokkar-lunden slik at den blir meir attraktiv. Der skal det vere dugnad 9.mai og då er det fint hvis mange møter fram slik at vi kan få rydda både parken og andre områder til 17.mai.

No kan du lett bli medlem i Innvik Bygdeutvikling! Kontingenten er latterlige kr 100 for personar og 200 for verksemder. Eit høgt medlemstal gjer det lettare for oss å framstå med litt tyngde både når det gjeld politiske saker og når vi skal hente inn økonomiske støttemidlar.
Dessutan får du både Innvikja og Vikane-nett på kjøpet!
Betal inn kontingenten til konto 3770.20.09791 så får du utdelt medlemskortet med neste utgåva av Innvikja! Det er fullt muleg å betale kontingent for alle familiemedlemmane i ein transaksjon.

No må vel våren være komen! © Kjell MortveitHer i Jotunheimen er det strålande sol og skikkeleg påskestemning i dag.

Eg vil ynskje alle Innvikarar ei god Påske!




(Sist oppdatert 15.april 2011, 20:59)

Gå til nyhendearkiv