Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

Våronna

Våronna, vårånda eller kva det var.

Av Harald Røyrvik

Morfaren min sa alltid at dersom ein hadde riktig verktøy så var halve jobben gjort.

I våre dagar er det ikkje måte på kva utstyr ein kan få tak i, så ein kan bli grublande berre rundt det.

Våronna er her seier dei. Kva er denne våronna? Er det ei ånd som kjem over ein og det må fiksast og ordnast ute?

Eg har ikkje grønne fingrar og vart minna på dette av ein tidlegare nabo i Årdal, da eg var i ein 40'årsdag for ikkje så lenge sidan. Ho budde under meg nokre år og hadde knapt nok sett meg i hagen, sa ho.
Eg håpar Anita kan kompensere for min udugligheit og forklare meg kva eg skal gjere, slik at det blir litt fint rundt huset vårt også.

Men tilbake til verktøy og utstyr. I går var eg på Innvik Fruktlager og fekk meg ei jernrive og litt anna utstyr. Der er det våronntilbod og har dei ikkje varene i Innvik, så kan dei skaffe det frå Utvik i løpet av ein dag. Dersom du ønskjer noko dei ikkje har inne, bestiller dei det og du får det så raskt der går an.

Det er kjekt med lokale butikkar og fantastisk at vi kan ha slike tilbod så nært både i Innvik og Utvik. Å kjøpe lokalt er ikkje berre tidsbesparande, men gjer også at vi støttar opp under lokale arbeidsplassar. Så min oppfordring til deg er "handle lokalt".

Sjå Våronntilbudet på undersida til Innvik Fruktlager, her på Vikanenett.

Hugs også å stille opp på dugnadane no framover så bygdene våre blir flotte til 17.mai.


(Sist oppdatert 03.mai 2011, 10:56)

Gå til nyhendearkiv