Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

Klokkarlunden

Dugnad i parken 9. mai 2011

Av Harald Røyrvik

Klokkarlunden © Harald RøyrvikKlokkarlunden vart fiksa på i begynnelsen av mai og står der no klar for bruk til dei som måtte ønskje det.

Hugs berre å rydde opp etter dykk, så parken er like fin for dei neste som ønskjer å ta den i bruk.

Først av alt vil eg få takke plenklipparane som held parken fin heile sommarhalvåret. Vi veit svært godt kven de er og set ualminneleg stor pris på alt det gode arbeidet de gjer for bygdene.

Så vil eg få takke alle som stilte på dugnaden 9. mai og gjorde ein flott innsats for at parken vår Klokkar-lunden skulle bli fin.

Elva var også i år grodd godt til, men vart flott rydda av karar med gode støvlar og skikkelege river. Busker, kratt og høgt gras vart fjerna i ein fei med alt frå saks til kantklipparar. Det vart kosta og raka så rivene rauk og blemmene kom fram. Det var ei triveleg tid med hyggeleg prat og flott arbeidsinnsats. Inger hadde ordna med kaffi og kaker og det kom godt med i finveret.

Takk til Innvik bygdeutvikling som har gitt oss denne flotte parken, midt i sentrum.


Dugnad i Klokkarlunden - Bilde 01 © Harald RøyrvikDugnad i Klokkarlunden - Bilde 02 © Harald Røyrvik
Dugnad i Klokkarlunden - Bilde 03 © Harald RøyrvikDugnad i Klokkarlunden - Bilde 04 © Harald Røyrvik
Dugnad i Klokkarlunden - Bilde 05 © Harald RøyrvikDugnad i Klokkarlunden - Bilde 06 © Harald Røyrvik
Dugnad i Klokkarlunden - Bilde 07 © Harald RøyrvikDugnad i Klokkarlunden - Bilde 08 © Harald Røyrvik
Dugnad i Klokkarlunden - Bilde 09 © Harald RøyrvikDugnad i Klokkarlunden - Bilde 10 © Harald Røyrvik

(Sist oppdatert 22.mai 2011, 23:28)

Gå til nyhendearkiv