Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

Varm takk til doktor Hoff

- De har gjeve oss tryggleik i 39 år

Av Fjordingen

Nærare hundre personar deltok på avslutningsfesten for Harald Hoff og Inger Hoff.

Frå Olden Raude Kross, Vikane Røde Kors, Stryn kommune og fleire privatpersonar vart det overrekt gåver og gode ord til legeteamet som i 39 år har skapt tryggleik for folk i Olden og Vikane.

- Dette har vore ein dag som vi vil hugse attende på med glede, sa legen som snart går over i pensjonistane sine rekkjer.


Harald og Inger Hoff sin innsats for Olden og Vikane blei grundig dokumentert på avslutningsfesten i Olden helsetun laurdag.

- Som lege og legesekretær har de gjeve oss tryggleik og omsorg i 39 år, vart det sagt av fleire som tok ordet.


Sjå varaordførar Anne Margrete Tonning takka Harald og Inger Hoff for deira innsats gjennom 39 år, på www.fjordingen.no.

Les heile saka i Fjordingen mandag 23. mai 2011, side 8 og 9.
Fjordingen kan også kjøpast i laussalg gjennom nettstaden www.buyandread.com.



(Sist oppdatert 24.mai 2011, 10:53)

Gå til nyhendearkiv