Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

Skapte sin eigen lærlingplass

Laga sin eigen lærlingplass - Ambulerande verkstad

Av Fjordingen

No er vi klare for å ta større mekanikaroppdrag ved Maskinrep i Innvik samstundes som vi kan reise rundt til kundar på enklare oppdrag med servicebilen, seier Randi entusiastisk.

Randi M. Vangsnes i Olden viste råd då det syntes nyttelaust å få lærlingplass for fagbrev i landbruksmekanikarfaget. Med hjelp frå sambuaren Hans Egil Gullbrå, som sjølv har fagbrev, gjorde ho nytte av hans lange fartstid som mekanikar og fekk godkjent lærekontrakt med fylket.

- Køyrety og mekanikk har vore ei sterk interesse sidan eg var liten, seier Randi. For 3,5 år sidan kjøpte dei småbruket Ugla mellom Olden og Innvik. No vil Randi reise rundt som ambulerande mekanikar med sambuaren som ansvarleg rettleiar.

Les meir på www.fjordingen.no, eller heile saka i Fjordingen mandag 30. mai 2011, side 7.
Fjordingen kan også kjøpast i laussalg gjennom nettstaden www.buyandread.com.



(Sist oppdatert 30.mai 2011, 16:01)

Gå til nyhendearkiv