Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

Jonsokafta i Innvik

Jonsokafta i Klokkarlunden

Av Harald Røyrvik

Innvik Bygdeutvikling vil i år arrangere jonsokfeiringa i Klokkarlunden (parken).

Innvik Bygdeutvikling har vore i kontakt med foreldra til dei eldste ungane i barnehagen og
avtalt at bygdeutviklingslaget lagar til jonsokfeiring i Klokkarlunden i år.

Det er avtalt med Innvik Fjordhotell sal av rømmegraut i parken, med forbehald om godt ver.
Dersom veret blir for dårleg vil serveringa foregå inne på hotellet.

Vidare har bygdeutviklingslaget fått tillatelse til å sette opp bål i fjæra til hotellet.
I denne samanheng treng vi material til bålet. Primert er det ønske om pallar og plank.
Kontakt Ørjan Skåden på tlf. 48167120 for nærmare avtale, så kjem han med traktor og hengar.

Program med aktivitetar og tidspunkt vil kome i kalendaren her på Vikanenett, etter kvart.

Dersom du har gløymt kor kjekt det var i fjor, kan du lese nyheiskrivet Jonsokfeiring Innvik 2010.


(Sist oppdatert 08.juni 2011, 19:52)

Gå til nyhendearkiv