Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

Utkantmarknaden

UTKANTMARKNADEN

Av Torill Bennæs

Tysdag 14. juni skulle det vere årsmøte for Utkantmarknaden 2010 på Café Go'beten.

Det var berre 3 personar som møtte opp - difor er det lagt opp til OMFRAMT ÅRSMØTE onsdag 22. juni, på same stad til same tid - kl 20.00.

Vi har stilt spørsmål om Utkantmarknaden si framtid - om korleis arrangementet skal organiserast.

Vi trur at marknaden er liv laga, at den no har "sett seg" og vorte eit omgrep - med positivt forteikn. Tilbakemeldingar frå både utstillarar og publikum er gode. Det kjem utstillarar både frå fjern og nær, og sjølv om mange kjem att år etter år, har ein òg klart å finne nye deltakarar "langs med", så marknaden "fornyar seg" jamnleg.

I fjor var det 53 utstillarar, og omlag 700 betalande var innom Styrkhallen i løpet av dei to dagane. Generelt sett er det god omsetning på Utkantmarknaden - for mange av utstillarane er det den viktigaste inntektskjelda.

Men - Utkantmarknaden må ha eit styre, ein arrangementskomité, og det/den må veljast på årsmøtet, men då må det vere folk til stades.

Det er difor vi oppmodar DEG til å møte opp på Café Go'beten onsdag kveld. Då kan DU vere med og stake ut framtida for Utkantmarknaden.

Har du vore med før, seier du?
Ja, men då har du nyttig erfaring å ta med, og - det er lov å vere med fleire gongar....

Vel møtt!

På vegne av komitéen for
UTKANTMARKNADEN 2010

Torill Bennæs


(Sist oppdatert 15.juni 2011, 21:38)

Gå til nyhendearkiv