Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

Klokkarlunden - Jonsok

Klokkarlunden er klar for Jonsok 2011

Av Harald Røyrvik

No er gapahukane i Klokkarlunden beisa og planen er lagt for Jonsok.

Jonsokfeiringa for alle i Innvik blir i parken vår Klokkarlunden (23/6), sjå annonse.

Skulemusikken har tromma saman 8-10 vaksne og Bygdeutviklinga vil selge lodd og medlemskap (100,-).
Innvik Fjordhotell vil selje rømmegraut og grillmat (kotelettar m/tilbehør + pølse m/brød), samt kaffi.
Brudefølge startar frå skulen kl.17:15 og det vil vere litt leikar for barn og vaksne i parken.
Bålet står klart i fjæra og Ørjan har gjort ein flott jobb med å få det i stand.

Ved duskregn blir vi i Klokkarlunden, dersom det blir regn forflyttar vi oss til Innvik Fjordhotell.

Så vil eg på vegne av Innvik Bygdeutvikling få takke dei som har beisa gapahukane.
Eg får seie som Kjell har gjordt "tusen takk for at dokke ordna dette for bygda".

Foto Kjell Mortveit
Dugnadsgjeng park1 © Kjell Mortveit Dugnadsgjeng park2 © Kjell Mortveit
Foto Harald Røyrvik
Beising 1 © Harald Røyrvik Beising 2 © Harald Røyrvik
Beising 3 © Harald Røyrvik Beising 4 © Harald Røyrvik
Beising 5 © Harald Røyrvik Beising 6 © Harald Røyrvik
(Sist oppdatert 22.juni 2011, 23:39)

Gå til nyhendearkiv