Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

Kiosk ved Skogstad

Cafe Go'beten - Kiosk ved Skogstad

Av Harald Røyrvik

Cafe Go'beten har etter oppfordring frå Innvik Bygdeutvikling satt opp kiosk utanfor Skogstad Sport i Innvik.

Innvik Bygdeutvikling (IBU) ønskjer at forbipasserande skal legge att meir pengar i bygda, og vi ser føre oss at ein kan tilby frukt og bær. På sikt håpar IBU å få til eit sommartorg og starten i år vart kiosken ved Skogstad som sel bær.

Kiosken har no vore i drift i ei vekes tid og Merete kan fortelle at det går greit med varierande salg i takt med véret. Kiosken held ope kvar dag kl.11-16 og blir i alle fall open ut fellesferien (1.veka i august).

Det blir solgt is, brus, kaffi, vafler, kjeks og bær. I første omgang jordbær, men frå mandag blir det også bringebær. Kiosken er eit telt på enden av Skogstad og det er også muligheit for andre enn dei som skal handle kle til å kjøpe seg noko.

Dersom ein ønskjer bær i større mengder (brett) må ein henvende seg på Cafe'en eller ta kontakt med ein bærprodusent.



(Sist oppdatert 17.juli 2011, 13:27)

Gå til nyhendearkiv