Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

Roting i styrkhallen !

Roting i styrkhallen !

Av Terje Raftevold

Det ser ut til at enkelte brukar Styrkhallen som barnepass / aktivitetspark. Nokon gjer det når dei er på idrettsbana og ser fotballkamp, då er gjerne dørene opne og det er lett å sende ungane inn. Andre ser ut til å ha nøkkel og låser seg inn sjølve.

For det første: det er vel ikkje heilt risikofritt utan tilsyn. Vi leiger ikkje ut hallen utan at det er personar over 18 år til stades. Er ein til stades når ein står utanfor og ser fotball ?

For det andre: Etter dei to siste A-lagskampane var det eit forferdeleg rot etter dei som har vore der. Ballar og utstyr låg strødd rundt heile hallen. Eg var sjølv med i kveld og rydda opp i lag med Espen og Andreas. Vi brukte nok bort i mot eit kvarter å rydde opp att. Dette er lite kjekt. Det er vanskeleg nok å få folk til å ta på seg frivilleg arbeid i denne bygda. Dersom ein skal gå slik å rydde etter andre så blir det ikkje noko enklare.

Vi er ikkje i mot at folk brukar hallen, men det må gå føre seg i trygge former og så må ein rydde opp etter seg. Det er ikkje slik at om ein har nøkkel til hallen så kan ein benytte hallen når ein vil. All bruk utanom faste treningar skal avklarast med den som er ansvarleg for utleiga! Resultatet av slik misbruk er at vi kjem til å måtte låse inn alt utstyr og syte for at dørene inn til hallen vert påmontert lås. Dette kostar oss dessverre ein del kroner som vi i staden kunne ha brukt til utstyr/aktivitetar.

PS! Eivind Reme tek no over som leiar for hallen. Undertegna vil vere med å hjelpe til i ein overgangsfase.



(Sist oppdatert 17.august 2011, 00:01)

Gå til nyhendearkiv