Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

Galleri Plysen

Galleri Plysen og Gamle Innvik Ullvarefabrikk

Av Harald Røyrvik

Oppimot 150 personar fekk med seg den spennande sommarutstillinga i Galleri Plysen.

Sjølv var eg innom Gamle Innvik Ullvarefabrikk på laurdag, nestsiste dag av sommarutstillinga. Der traff eg galleristyrar Anne-Karin Eriksen og fekk ein kjekk prat me ho om kunstutstillinga, galleriet og fabrikken.

Kombinasjonen med landskapsmåleri av May Reilo og glaskunst av Judit Refsnes gjekk godt i lag og gjorde til at galleriet var fullt av flotte objekt å sjå på.
Også i år vart det ein vellykka kunstutstilling med allminneleg bra salg av kunstobjekt.

Vidare kunne Anne-Karin fortelle at dei hadde hatt ulike arrangement i ullvarefabrikken av selskaplig art som konfirmasjon og bryllup. Framover skulle dei lage til for fleire selskap og dei har også planar om å få til eit kjøkken.

Stiftinga Gamle Innvik Ullvarefabrikk blir i dag styrt av forutan Anne-Karin Eriksen, Unni Elin Guddal, Eyivind Reme, Alf Heggdal, Per Heggdal og Dag Vanberg. Medlemskap i stiftinga kostar for enkeltmedlemar kr.250 pr/år (eller 1500,- for livsvarig) og for bedrifter kr.400 pr/år (5000,- for livsvarig). Medlemskapa er eit viktig bidrag for å holde fabrikken i stand og ønskjer ein medlemskap er det berre å ta kontakt med ein av representantane i styret.





(Sist oppdatert 26.august 2011, 11:23)

Gå til nyhendearkiv