Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

Kortvarige utfall i Vikane

Kortvarige utfall av straumforsyninga til Vikane

Av Harald Røyrvik

Innvik Bygdeutvikling (IBU) har tatt opp med Stryn Energi ulempen med kortvarig utfall av straumforsyninga til Vikane.

IBU sine medlemsbedrifter seier at dette fører til at serverar og betalingsterminalar m.m. blir utilgjengelege, maskiner stoppar opp og syklusar må startast oppatt på automatiserte anlegg.

Privatpersonar har også vore på IBU og klaga på at dei stadig irriterar seg over problemet. Sjølvsagt har også omsorgsenteret (med branndører) og andre også hatt mykje styr med utfalla.

Stryn Energi har svart (til folk som har klaga) at desse kortvarige utfalla skyldast fugl på linja.

Spørsmål:

Kan Stryn Energi tallfeste kor mange utfall Vikane har hatt dette året?
Kva har Stryn Energi gjort for å minke/minimalisere utfalla?
Kva planar vidare har Stryn Energi for at Vikane skal ha ei god straumforsyning?

Stryn Energi vart orientert om at svaret på desse spørsmåle ville bli gjengitt på Vikanenett.


Svar:

Stryn Energi AS seier seg leie for ulempene abonnentane i Vikane, Nordsida og Markane har opplevd i sommar med stadige blink i straumforsyninga.

Årsakene er fleire og samansette. Etter at SFE la ned Markane sekundærstasjon og flytte forsyninga over til Drageset sekundærstasjon har problema auka.

Ein ny trafo, eigd av SFE har trinna opp spenninga til utfall, utan at det kan peikast på ei spesiell årsak.

Utfall i straumnettet er like plagsamt for netteigar, som for kunde. Årleg taper nettselskapet store summar i redusert nettramme på grunn av utfall.

Arbeidet med å betre forsyninga har hatt topp prioritet i heile sommar. Forsyningskvalitet vil også i framtida ha topp prioritet.

Fleire nettselskap har hatt gode røynsler med å montere ein spole i sekundærstasjonane. Spolen ”stansar” korte blink.

Stryn Energi tinga ein slik spole til Innvik tidleg i vår. Spolen skulle etter planen vere sett i drift 1. august. Dette arbeidet vart av ulike årsaker utsett, men spolen er no sett i drift.

Spolen skal fange opp korte blink, som oftast skuldast fugl på linja. Overliggande nett har hatt vern som har vore utkopla utan Stryn Energi AS har fått melding.

Lyn og torever har øydelagt mange trafoar, som det tek litt tid å rette.

Stryn Energi AS kan ikkje garantere at det ikkje vert utfall også i tida framover. Kunden må sikre seg mot skadar og ulemper som kan oppstå ved utfall.

Vi set vår lit til at den nye spolen, pluss feilsøking i både overliggande nett og distribusjonsnettet vil gje resultat.

Alle dataanlegg må kunne driftast i kortare periodar på batteri. Dette gjeld også alarm- og kommunikasjonsanlegg.

Vi gjer vårt beste for at kundane skal ha ei sikker straumforsyning.

Jan Træen
Energisjef
Stryn Energi AS



(Sist oppdatert 30.august 2011, 07:31)

Gå til nyhendearkiv