Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

Dårleg vasskvalitet

Dårleg vasskvalitet i Innvik

Av Fjordingen

Fleire uheldige omstende har ført til dårleg vasskvalitet for dei vel 200 abonnentane som er tilknytta Innvik Vassverk.

- Eg reknar med at problema skal vere løyste i løpet av ei vekes tid, opplyser styreleiar Oddvin Drageset.

Les meir på www.fjordingen.no.

Tiltak for å sikre forsatt god kvalitet på vatnet

Oddvin Drageset

Innvik Vassverk har tiltak på gang for å sikre forsatt god kvalitet på vatnet.

Innvik Kraftverk legg ei ny tappeledning frå sitt inntak i tverrelva og ned til vårt inntak. Vi bygger om inntaket slik at vi kan tappe etter behov. I praksis vil det seie at vi flytter inntaket frå 400 m over havet til 570m. Det vil seie mindre forurensing og mingre problem med lauv og andre ting som tetter til sildukane.

I samband med dette arbeidet er vi nøtt til å koble inn nødinntaket i storelva. Normalt skulle dette gå bra utan problem for abonentane. Vi har fått kraftverket til å sleppe meir vatn frå dammen ved Skodistølen for å bedre kvaliteten.

Det som var uheldig var at laurdag og søndag 27 og 28 august fekk vi 55 mm nedbør som resulterte i flaum. Det tetta seg til i silhuset så annleget vart nedstappa så mange mista vatnet. Dette førd til at slam i rørledningane kom fram til abonentane.På grunn av flaumen vil avrenninga frå myrområda vere større enn normalt. Dette fører til missfarging av vatnet. Dette vil bedre seg om vi ikkje får stor nedbør.

Vi har både UV rensing og kloring av vatnet. Vi fekk tilbake ei vassprøve i går som seier at vasshygienen er god med marknad om missferging.

Vi skal støype plata over den nye kommen i morgen (2/9). Det tek ei god veke før vi kan rive forskalinga. Så snart det er gjordt kan vi koble tilbake til tverrelva og ein bedre kvalitet.

Vi beklager dei ulempene som abonentane har fått men understreker at det ikkje er rissiko med å bruke vatnet.


(Sist oppdatert 05.september 2011, 22:11)

Gå til nyhendearkiv