Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik
Database error: Query DB == false, query failed
Mysql Error: 0 (14: Can't change size of file (Errcode: 28 "No space left on device"))

Nyhende

Babysong i Innvik

Babysong i Stryn

Av Heidi Skålid Amundsen


Babysong i Olden er flytta til Innvik, nærmare bestemt Innvik Fjordhotell onsdagar kl.11:00.

Dei fyrste leveåra i eit barns liv er svært viktige. Nærkontakt, omsorg, kjærleik, varme, mat,
søvn, kle m.m. er grunnlaget for utviklinga til barnet. Song, musikk, rytme og rørsle etter
musikk har til alle tider vore foreldre sitt store kontaktpunkt med borna sine. Kven har ikkje
opplevd at besteforeldre, foreldre og sysken har sunge kveldssongar, voggeviser og barne-
songar for ein då ein var liten? Alle kjenner vi til rim og regler, glade songar og triste songar
som vi kan utanåt og som var lette å sovne til. Eller kveldsbøner med eller utan melodi til,
forteljingar frå bibelsoga som vart fortalde ei sein kveldsstund når det var varmt og godt
under dyna.

Babysong i Stryn vil vere ein plass for foreldre som ynskjer å lære og å friske opp att denne
songskatten saman med borna sine. Den norske Kyrkja har babysong som prosjekt over
heile landet. Ideen kjem eigentleg frå Frelsesarméen.Trusopplæringsutvalet saman med
sokneråda i Indre Nordfjord har fått midlar frå Stortinget til å starte opp med m.a. babysong
som breiddetiltak for alle born i 0-2 årsalderen. Hornindal har alt hatt babysong i fleire år og
i Stryn sentrum var det babysong i vinteren 2009/2010 og 2010/2011.

Sjå arrangementet Babysong - Innvik Fjordhotell i kallendaren her på Vikanenett.


(Sist oppdatert 13.september 2011, 09:49)

Gå til nyhendearkiv