Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

36 nye gatelys i Innvik

Lyspunkt i mørketida

Av Fjordingen

Stryn Energi er i ferd med å setje opp 36 gatelys langs fv 60 frå Heimlund i retning Utvik.

- Gatelysa betyr enormt for tryggleiken til nærare 40 born som dagleg brukar vegen til skule og aktivitetar, seier Espen Aarreberg til Fjordingen.

- Vi er svært fornøgde med måten Stryn kommune og Statens vegvesen har handsama våre ønske og krav når det gjeld gatelys, nedsett fartsgrense og merking av brua ved Heimlund, seier Espen Aarreberg til Fjordingen.

Les meir på www.fjordingen.no.

Merkinga fungerer

Espen Aarreberg sto i fjor fram i Fjordingen og etterlyste sikring av brua ved Heimlund, der det på kort tid skjedde fleire alvorlige ulykker.

- Eg vil gje ros til Statens vegvesen for at dei raskt fekk merka brua på begge sider med refleks.

Les tidlegare nyheitskriv Livsfarlege støypekantar, her på Vikanenett.


Du kan lese heile saka om Stor glede over 36 nye gatelys og Markeringa fungerer i Fjordingen mandag 3. oktober, side 4 og 5. Fjordingen kan også kjøpast i laussalg gjennom nettstaden www.buyandread.com.


Foto Harald Røyrvik



(Sist oppdatert 18.oktober 2011, 15:01)

Gå til nyhendearkiv