Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

Innvikar med teft for stibygging

Reisande i stein og stiar

Av Fjordingen

Finn Drageset (34) frå Innvik starta opp einmannsføretaket Drageset Maskin i 2005. No er han bokstaveleg talt reisande i stibygging i fjellet.

Drageset og medhjelpar Trond Skåden får mykje ros i bygdeavisa Hallingdølen etter stilegginga i Hallingskarvet i sommar, eit prosjekt som dei håpar å kunne fortsetje med neste sommar.

- Eg kom i kontakt med Drageset etter det fine arbeidet han har gjort under Skåla.

Han vann anbodet her i år, og det går i første rekkje på kompetansen i denne type arbeid. I løpet av 14 dagar greidde han, inkludert pakking og rigging, å lage 228 meter med ferdig sti. Det er imponerande, seier leiaren for Statens Naturoppsyn sitt lokalkontor på Geilo, Petter Braaten til Fjordingen.

Det starta med Skåla stien

Drageset starta først opp med maskinmuring i privat regi før han seinare vart engasjert av Statens Naturoppsyn og Skålastiprosjektet der han har vore med på å byggje over 1500 meter med sti med maskin av i alt 2297 meter.

Les heile saka i Fjordingen mandag 3. oktober, side 6 og 7.
Fjordingen kan også kjøpast i laussalg gjennom nettstaden www.buyandread.com.



(Sist oppdatert 05.oktober 2011, 10:25)

Gå til nyhendearkiv