Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

Innvik sokneråd

Informasjon frå Innvik sokneråd

Av Ragnhild Vambeset

Informasjon frå Innvik sokneråd, her gjengitt frå Innvikja nr.46.

Soknerådet har, ilag med foreldre og fadrar, ansvar for trusopplæringa til dei døypte borna/ungdomane i kyrkjelyden. Oppgåvene står i kø, og pengar kostar det. Utgifter til barne og ungdomsarbeidet utgjer største utgiftposten til soknerådet. Soknerådet skipar til basar i Heimlund i år og. Vi vonar på like stor gjevarglede som sist!

12.november kan vi glede oss over at Stårheim Songlag, med dirigent Olga Pavlova, kjem og held konsert i Innvik kyrkje. Nytt høvet til å få konsertoppleving i nærmiljøet!
(Sjå plakat/vikanenett)

Om det melder seg mange nok, vil Sølvi Håøy Nygård også i år invitere til barnekor (4.- 7. klasse) fram mot julekonserten og juletrefesten. Øvingane vert rett etter skuletid 6 onsdagar. Soknerådet stiller med ”noko å bite i”.

27. november vert 3. og 4. klasse inviterte til ”Tårnagentsamling” i kyrkja. Dette er del av trusopplæringa og vert avslutta med deltaking i gudstenesta denne dagen.
Når nytt kyrkjeår tek til, første søndag i advent, skal ein begynne å prøve ut ny gudstenesteliturgi i Innvik og. Ein har eit år på seg før endeleg liturgi skal vedtakast. 0-2åringane har tilbod om Babysong på Innvik Fjordhotell kvar onsdag framover. Dette er og eit tiltak etter trusopplæringsplanen.


For Innvik sokneråd Ragnhild Vambeset
(Sist oppdatert 19.oktober 2011, 09:43)

Gå til nyhendearkiv