Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

Heimlund

FOKUS PÅ HEIMLUND

Av Lars Åge Hilde



Veit du at Heimlund fyller 100 år til våren? Indvigens Ynglingeforening
(skipa 1882) var forløparen til Innvik Ungdomslag som vart skipa i
1897. Ungdomslaget hadde stor aktivitet og stod mellom anna bak
skipinga av idrettslaget Styrk og seinare også Innvik Hornmusikk.
Heimlund vart bygd stort sett på dugnad og huset stod ferdig i 1912.
18 år seinare vart det bygt ut, det var då dei flotte måleria som fortsatt
pregar storsalen vart skapte av rosemålaren Ragnvald Einbu frå Lesja.
Tidleg i 70-åra vart det bygd til scene og garderobar mm og huset fekk
den forma det har i dag.

Det er på høg tid at Heimlund får litt meir merksemd dersom bygda
skal ha glede av huset i framtida. I dag er Innvik velsigna med mange
lokaler til møter og arrangement; Li, Heimlund, Idrettshallen, Gamle
Ullvarefabrikken, Go’beten, Campingen, Langvin, Prestegarden, IMI,
Skulen… Heimlund har kjeme i bakleksa og er til dagleg eit overflødig
lokale.

Det er likevel synd og skam hvis Heimlund skal stå og forfalle. I dag
slit huset med dårleg økonomi og blir alt for lite brukt. Jostein B og
kompani har gjort eit fantastisk arbeid for å vedlikehalde og opp-
gradere gjennom dei siste 40 åra. Der er blitt et moderne kjøkken og
gode scenefasilitetar. Det som må gjerast noko med umiddelbart er å
få tetta taket. Inngongspartiet og toaletta treng også sårt til opprusting.

Bygdeutviklingslaget meinar at dette er ei svært viktig sak for Innvik. Vi
vil prøve å starte med å arrangere ein bygdakveld laurdag den 19.
november. Då er det Utkantmarknad og ein del folk er på heimebesøk.
Dei vil sikkert ha glede av en møteplass der dei kan treffe bygdafolket,
og vi vil gjerne treffe dei også. Maten tek IMI seg av, dei har thanks-
giving den helga. Men når dei stenger hotellkjøkenet laurdags kvelden
kan vi tilby ein fest med litt smågodt frå scena, og dans. Og naturlegvis
eit eller anna lotteri som kan gje pengar til Heimlund.

Etter det håpar vi at vi kan følge opp med meir tilrettelegging for at
Heimlund kan få litt høgare status, slik at innvikarane kan feire 100-års
-jubileet i eit hus som vi igjen kan være stolte av! Send gjerne en mail
eller ring meg hvis du har lyst til å bli med på dette arbeidet!


(Sist oppdatert 21.oktober 2011, 21:09)

Gå til nyhendearkiv