Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

Vil ikkje ha frosenmat

- Frosenmat eit langt tilbakesteg

Av Fjordingen

Områdeleiar Oddhild Hilde og kjøkkensjef Egil Westvik er skeptiske til konsulentrapporten som tilrår at eit produksjonskjøkken ved Stryn omsorgssenter skal overta middagsleveransen til Vikane omsorgssenter etter "kok-frys" prinsippet.

- Dette vil vere ei dårleg løysing når vi veit kor viktig maten er for eldre og sjuke. Samhandlingsreforma set sterk fokus på at vi skal sjå til at dei får god mat med rett næringssamansetjing. Å gå over på "kok-frys" som alternativ til dagens gode og fleksible kjøkkendrift, vert eit langt tilbakesteg, hevdar områdeleiar Oddhild Hilde.

Kjøkensjef Egil Westvik meiner rapporten manglar svar på spørsmål som knyter seg til økonomi og kvalitet.
- Eg er usikker på kor mykje pengar det er å spare på produksjon av frosenmat som skal varmast opp att før servering. Når det gjeld kvalitet, seier rapporten at "kok-frys" eignar seg dårleg til sausar og poteter.

Seier nei til felleskjøkken

Av Fjordingen

Tilsette ved Stryn omsorgssenter, Fagforbundet og Delta har like sterke motforestellingar til felleskjøkken som det områdeleiar Oddhild Hilde og kjøkkensjef Egil Westvik gjev uttrykk for i intervju med Fjordingen.

Kjøkkenpersonalet ved Stryn omsorgssenter går inn for alternativet som vidarefører dagens modell.


Les meir om saka på www.fjordingen.no eller heile saka i avisa Fjordingen fredag 28. oktober 2011, side 7.
Fjordingen kan også kjøpast i laussalg gjennom nettstaden www.buyandread.com.



(Sist oppdatert 29.oktober 2011, 13:25)

Gå til nyhendearkiv