Innvik

Innvik

Vikanenett - Utvik

Nyhende

Konsert i Innvik kyrkje

Stårheim songlag vitjar Innvik kyrkje

Av Ragnhild Vambeset

Velkome til FLOTT konsert i Innvik kyrkje laurdag kl.18.

Stårheim songlag er eit blandakor med om lag 50 medlemar, og er
med det eitt av dei største kora i fylket. Koret har sin opprinnelse på
Stårheim og øver på skulen der kvar veke. Der “trimmar” Olga Pavlova
songarane som kjem frå heile Eid kommune. Olga kjem opprinneleg
frå Russland. Ho har vore lærar i kultur- skulen i Eid i mange år.

Utviklinga som koret har hatt på 2000-talet, både når det gjeld tal
songarar og kvaliteten på det koret framfører, er først og fremst hennar
forteneste. Repertoaret til koret er svært variert, frå klassisk til viser,
folkemusikk og mykje anna, både norsk og utanlandsk. Koret må vere
eit av få kor som stiller med russisk song ved dei fleste høve. Dei
russiske folkemelodiane koret syng, er arrangert for kor av Olga. Ofte
er ho sjølv solist, både vokalt og på instrument når koret framfører dei.
Mange tykkjer desse songane er mellom glansnummera.

Trioen Tastamentet, med trekkspel, gitar og kontrabass, stiller trufast
opp og akkompagnerar til korsongen når det er behov. Det skal dei og
gjere på kyrkjekonserten i Innvik. I tillegg har Olga med seg unge
strykarar frå kulturskulen i Eid. Desse skal opptre saman med koret
og med eigne innslag.

Stårheim songlag ønskjer å gje publikum ein korkonsert med “ymse
attåt” – formidle noko gjennom ord og tonar som ein håpar kan gje
alle ei triveleg og god kveldsstund.

Vi i Innvik sokneråd vonar mange finn vegen til Innvik kyrkje denne
laurdagskvelden. Vi kan love at det vert ei stor musikalsk oppleving.
Vi gler oss!!

Sjå også arrangementet i kallendaren, her på Vikanenett.

Stårheim Songlag


(Sist oppdatert 16.november 2011, 09:18)

Gå til nyhendearkiv